DEL

Fiskeri- og kystdepartementet har fastsett forskrift om regulering av fisket etter tobis i 2010. I tråd med tilrådingar frå havforskarane er det fastsett forbod mot direkte fiske etter tobis.


( 16.12.2009 )

[raw]

På bakgrunn av den dårlege bestandssituasjonen har Fiskeridirektoratet og Havforskingsinstituttet i samarbeid med næringa arbeidd med ein ny forvaltningsmetode for tobis. For at havforskarane skal kunne innhente nødvendig og verdifull informasjon til dette arbeidet vert det derfor opna for eit prøvefiske i 2010 i eit avgrensa område innanfor ein kvote på 20 000 tonn. Det er venta at ein ny områdebasert forvaltningsmetode for tobis vert nytta frå 2011.

[/raw]

INGEN KOMMENTARER

Comments are closed.