DEL

Fiskeri- og kystministeren har nylig sett ned eit ekspertutval for effektiv og berekraftig arealbruk i havbruksnæringa. – Arealstrukturen no er ikkje ideell, og forslag til betre arealbruk er viktig for vidare vekst og utvikling i havbruksnæringa, seier statssekretær i Fiskeri- og kystdepartementet, Vidar Ulriksen.


( 11.09.2009 )

[raw]

Utvalet skal greie ut og foreslå nye grep for å sikre havbruksnæringa tilstrekkeleg tilgang på areal i kystsona, og ein ny overordna arealstruktur som bidreg til at havbruksnæringa utnyttar arealet sitt på ein effektiv måte med færrast moglege miljøverknader.

 

– God arealeffektivitet er viktig for å møte miljøutfordringane i havbruksnæringa. Arbeidet til utvalet blir ei oppfølging av regjeringa sin strategi for ei miljømessig berekraftig havbruksnæring som vart lagd fram i april, seier Ulriksen.

 

I arbeidet skal det særleg leggjast vekt på omsynet til effektiv utnytting av tilgjengeleg areal, smitterisiko mellom anlegg, fiskevelferd og verknader på miljøet, medrekna ville bestandar.

 

– Det er også viktig at den framtidige arealstrukturen medverkar til at havbruksnæringa får ein balansert og berekraftig sameksistens med andre interesser i kystsona, seier statssekretær Vidar Ulriksen.

 

Utvalet er difor bedt om å organisere arenaer for kontakt og dialog med representantar frå havbruksnæringa og andre interessentar til kystsona. Det blir også lagt opp til fagmøte der representantar frå andre kompetansemiljø kan delta. Utvalet skal leggje fram rapporten sin innan 1. februar 2011.

[/raw]

INGEN KOMMENTARER

Comments are closed.