DEL

– Eg meiner at situasjonen i Hardangerfjorden no krev særskilde forvaltningstiltak retta mot havbruk. Det er viktig for meg å sikre ei berekraftig forvalting av oppdrettsnæringa i Hardangerfjorden.  Dette må gjerast både gjennom nytenking når det gjeld forvaltingstiltak og meir forsking, seier fiskeri- og kystminister Helga Pedersen.


( 08.04.2008 )

[raw]

Med verknad frå i dag 8. april er det ikkje mogleg å klarere nye lokalitetar for laksefisk eller å utvide eksisterande lokalitetar i Hardangerfjorden. Etter ei konkret vurdering kan det likevel gjerast klarering for lokalitetar og løyve til flytting til ein annan lokalitet i Hardangerfjorden. Tiltaka er sett i verk for å gi ein samla og klår gevinst for bereevna til fjordområdet, for å betre fiskehelsa, redusere problem med lakselus og for å betre tilhøva for villaks og sjøaure og den langsiktige utviklinga til næringa.


Det vil og bli nye restriksjonar på flytting av fisk til lokalitetar i Hardangerfjorden. Fram til i dag kunne oppdrettarar berre sende ei melding til styresmaktene om dette. Frå i dag må det søkjast om slik flytting. På denne måten kan styresmaktene få betre kontroll med vidare auke i mengda av oppdrettslaks og -aure i Hardangerfjordområdet. Ved tildeling av lokalitetar har styresmaktene tradisjonelt sett på den einskilde lokalitet og eit nærområde rundt denne.

 

– Strakstiltaka inneber ei mellombels frysing av dagens situasjon i Hardangerfjorden, til ei meir permanent foresegn er utarbeidd. Denne vil bli send på høyring og vedteken innan utgangen av 2008. Det er altså snakk om å ”setje ein fot i bakken” medan ein ventar på ei avgjerd om meir permanente tiltak, seier fiskeri- og kystminister Helga Pedersen.

[/raw]

DEL
Forrige artikkelBetring for torsk og hyse
Neste artikkel- Dead fish is talking

INGEN KOMMENTARER

Comments are closed.