DEL

Ei arbeidsgruppe nedsett av Riksadvokaten konkluderar i sin rapport at dei fleste rømmingar frå oppdrettsanlegg mellom annan skuldast uforsvarleg drift, melder Fiskeridirektoratet.


( 13.03.2008 )

[raw]

Andre årsaker til rømming kan, slik arbeidsgruppa ser det, vere dårleg teknisk stand på anlegga, dårlege sjekk- og arbeidsrutinar, dårleg eller manglande internkontroll, manglande kompetanse, og dårlege haldningar i ein eller fleire deler av organisasjonen.

 

Negativ miljøeffekt
I dag er akvakulturnæringa Noreg si nest største eksportnæring. Rapporten peikar på at omfanget av rømt oppdrettsfisk langs kysten og i elvane våre kan vere mykje meir omfattande enn vi tru.

 

De fleste rømninger skyldes uforsvarlig drift. (illustrasjonsfoto: Edmund Mongstad)


Mykje av fisken rømmer allereie som smolt, anten frå settefiskanlegg eller når smolten vert sett ut i merder i sjø. Dersom forskarane sine berekningar stemmer betyr det at mellom 1,2 og 3,6 millionar individ rømmer som smolt, noko som betyr at vi har ei klar underrapportering av rømming.

 

Foreslår regelendringar
På bakgrunn av svakheiter som er oppdaga har arbeidsgruppa foreslått endringar i regelverket. Gruppa ynskjer dessutan auka innsats frå Økokrim når det gjeld akvakulturkriminalitet, og at dei ulike politidistrikt sine Økoteam skal etterforske sakene i nært samarbeid med miljøjuristar og fiskeristyresmakter.

 

Støttar vidare arbeid
Fiskeridirektør Peter Gullestad er takksam på vegne av etaten over at Økokrim har lagt så mykje ressursar inn i arbeidet med Økokrimrapporten om rømt oppdrettsfisk, og vil støtte at det gode arbeidet vert utvikla vidare. Denne rapporten er eit grundig arbeid som dannar ei svært godt utgangspunkt for Fiskeridirektoratet.

– Ein auka innsats frå Økokrim i rømmingssakene er eit viktig og riktig grep. Dersom Økokrim får dei nødvendige ressursane til å bli eit aktivt bistandsorgan for denne type saker, oppnår vi både å gjere politiet sin innsats betre, men også å få ein langt betre koordinering av innsatsen som politiet, påtalemakta ogFiskeridirektoratet står for. Dette vil sjølvsagt også hjelpe oss i direktoratet til å gjere ein betre jobb, seier fiskeridirektøren.

 

– Talet på rømmingssaker som er melde til politiet er få, slik at det ser ut til å vere eit fornuftig grep at det vert samla spesialkompetanse ein stad i politiet som kan hjelpe i den enkelte sak, seier Gullestad.

 

Samarbeidet mellom politiet, påtalemakta og Fiskeridirektoratet må bli betre, og nasjonale fagseminar bør arrangerast, meiner arbeidsgruppa. Forebyggande arbeid vil også vere viktg.

[/raw]

INGEN KOMMENTARER

Comments are closed.