DEL

Fiskeri- og kystdepartementet har i dag fastsett ny forskrift om kontroll med lus i oppdrettsanlegg. Forskrifta erstattar den gamle lakselusforskrifta. – Med denne nye forskrifta sikrar vi Mattilsynet effektive verkty for å motverke effektane av lakselus på villaks og sjøaure, seier statssekretær Vidar Ulriksen.


( 10.07.2008 )

[raw]

Den nye forskrifta gjeld ikkje berre lakselus, men fleire lusetypar hos oppdrettsfisk.  Dette gjer at forskrifta i større grad enn tidlegare er tilpassa endringane som er venta i norsk oppdrettsnæring, m.a. med auka fokus på oppdrett av marine artar.

 

Mattilsynet har fått heimel til å pålegge tiltak mot lus i oppdrettsanlegga, sjølv om det er mindre lus på oppdrettsfisken enn den ”normale” tiltaksgrensa tilseier. Dette er eit særs viktig reiskap for Mattilsynet i område der det står mykje oppdrettsfisk i sjøen, slik at det totale smittepresset mot utvandrande laksesmolt og lokale sjøaurestammar kan haldast nede.

 

– Den nye forskrifta gir i tillegg Mattilsynet heimel til å krevje samordna avlusing i geografisk avgrensa område. Dette sikrar gjennomføring av samtidige avlusingskampanjar lik den som vart gjennomført på Vestlandet vinteren 2007/2008, seier Ulriksen.

[/raw]

INGEN KOMMENTARER

Comments are closed.