DEL

Laks har varierande motstandskraft mot lakselus, og ny forsking stadfestar at denne eigenskapen i stor grad er arveleg. Resultata, som blir lagt fram på eit seminar 10. desember, kan føre til at avlsselskapa byrjar å avle fram laks som er mindre mottakeleg for lus.


( 04.12.2008 )

[raw]

Arveleg motstandskraft mot lakselus.

 

Laks har varierande motstandskraft mot lakselus, og ny forsking stadfestar at denne eigenskapen i stor grad er arveleg. Resultata, som blir lagt fram på eit seminar 10. desember, kan føre til at avlsselskapa byrjar å avle fram laks som er mindre mottakeleg for lus.

 

Det håpar i alle fall Kjell Maroni som er FoU-koordinator hos forskingsfondet FHF:

– Per dags dato har ein ikkje starta kommersiell avl med tanke på lakselus. Med desse nye forskingsresultata har vi fått ei betre vitskapeleg verifisering enn tidlegare av at det er mogleg å avle fram laks som i mindre grad vert infisert av lakselus. Eg ser ikkje bort frå at dette i løpet av kort tid vil få dei største avlsselskapa til å byrje eit innleiande avlsarbeid retta mot lakselus.

Nytt våpen
Maroni nøler ikkje med å karakterisere avl som eit godt, nytt våpen i kampen mot den uønska parasitten. Samstundes poengterer Maroni at avl tek årevis, og at dette berre må vere eit av fleire tiltak mot lakselus:

– Kampen må førast langsiktig og på fleira frontar, med avl, vaksiner og behandling med så vel kjemikaliar som leppefisk. Ingen av desse tiltaka kan få bukt med lakselus på eiga hand, og alle tiltaka må utførast riktig.

Lakselusseminar med Helga Pedersen
Dei ulike tiltaka mot lakselus vil bli diskutert i full bredde på Gardermoen 10. desember. Då arrangerer FHF, Forskingsrådet og Mattilsynet eit seminar om lakselus, etter initiativ frå Fiskeri- og kystdepartementet. Statsråd Helga Pedersen vil sjølv opne seminaret.

Seminaret vil ta for seg tema som lokalisering av anlegg, bruk av leppefisk, medikamentbruk, vaksiner og avl. Blant anna vil Bjarne Gjerde frå Nofima leggje fram meir inngåande detaljar frå det nye avlsprosjektet, og diskutere kva potensial avl kan ha mot lakselus.

Regnbogeaure meir utsett for lakselus enn kva laks er
Eit litt overraskande resultat frå prosjektet er at regnbogeaure viste seg meir mottakeleg for lakselus enn laksen – i alle fall på det utviklingsstadiet av lusa som blei undersøkt. Den rådande oppfatninga har vore at aure ikkje er like mottakeleg for lakselus som laks.

Laksen og auren som blei infisert med nyklekte luselarvar var vel eitt år gamal smolt, og ein undersøkte fisken medan lusa var i eit larvestadium kalla chalimus II-III.

Prosjektet har blitt utført av forskingskonsernet Nofima med 150 laksefamiliar frå SalmoBreed AS. Fiskeri- og Havbruksnæringens Landsforening (FHL) har følgt opp prosjektet på vegne av Fiskeri- og havbruksnæringens forskningsfond (FHF).

[/raw]

INGEN KOMMENTARER

Comments are closed.