DEL

Fiskeri- og kystdepartementet har fredagdag fremja for Stortinget St.prp. nr. 1 tillegg nr. 4 som omhandlar nye løyve til oppdrett av laks, aure og regnbogeaure. Regjeringa vil i 2009 tildele 65 nye løyver fordelt slik: Finnmark 7, Troms 8, Nordland 15, Nord-Trøndelag 8, Sør-Trøndelag 7, Møre og Romsdal 5, Sogn og Fjordane 5 og Hordaland 5. Av desse vil 5 løyver blir øyremerka søkjarar som ønskjer å satse på økologisk havbruk.


( 10.11.2008 )

[raw]

Fiskeri- og kystdepartementet har fredagdag fremja for Stortinget St.prp. nr. 1 tillegg nr. 4 som omhandlar nye løyve til oppdrett av laks, aure og regnbogeaure. Regjeringa vil i 2009 tildele 65 nye løyver fordelt slik: Finnmark 7, Troms 8, Nordland 15, Nord-Trøndelag 8, Sør-Trøndelag 7, Møre og Romsdal 5, Sogn og Fjordane 5 og Hordaland 5. Av desse vil 5 løyver blir øyremerka søkjarar som ønskjer å satse på økologisk havbruk.

 

Løyva vil tildelast mot eit fast vederlag og søknadshandsaming vil skje med prioritering ut frå visse kriterium, opplyser departementet i ei melding.

 

– Havbruksnæringa er ei viktig næring for Noreg. Denne tildelingsrunden vil bidra til auka verdiskaping langs kysten, opne for nye aktørar og gi gode mogelegheiter for vekst i eksisterande verksemder, seier fiskeri- og kystminister Helga Pedersen i meldinga.

 

Vederlaget vil tilkome Staten, men regjeringa gjer framlegg om å løyve inntil 195 mill. kroner –  knytt til vederlaget – til dei aktuelle fylkeskommunane i form av frie midlar.

 

Tildelinga vil skje etter ein søknadskonkurranse der det i prioriteringa særleg skal leggjast vekt på følgjande kriterium:
• mindre aktørar i næringa
• søkjarar som vil leggje til rette for bearbeiding og auka verdiskaping i kystdistrikta i Noreg.

 

Departementet har, i vurderinga av kor mange løyve som skal tildelast i 2009, sett på omsynet til berekraftig vekst, medrekna miljø- og fiskehelseomsyn, marknadsutviklinga sidan 2005 og vidare marknadsutsikter og utviklinga hos andre store produsentland. Dei 65 nye løyva tilsvarer ei auke i produksjonskapasiteten på om lag sju %.

 

– Ei slik auke i produksjonskapasiteten kan gjerast innafor miljømessige akseptable rammer. Noreg har ei streng miljøregulering av havbruksnæringa, men både næring og forvaltning må fortsette å arbeide for å redusere verknaden av havbruk på miljøet, seier fiskeri- og kystministeren.

 

I arbeidet med å førebu saka har Fiskeri- og kystdepartementet hatt møter med fleire kommunar, fylkeskommunar, næringsorganisasjonar og mottatt innspel frå miljøvernorganisasjonar. I tillegg har Fiskeridirektoratet, på oppdrag frå departementet, gjort ei vurdering av kva geografiske områder som er meir og mindre eigna for auka havbruksverksemd.  Dette med omsyn til mellom anna miljø- og fiskehelsesituasjonen.

 

Regjeringa har vurdert den regionale fordelinga av løyva med utgangspunkt i miljømessig berekraft og distrikts- og næringspolitiske omsyn. Ein har òg vurdert kvar dei viktige villaksstammane er å finne og kvar belastningane er størst som følgje av lakselus og rømming. På grunn av den rådande miljø- og sjukdomssituasjonen meiner regjeringa at det bør tildelast relativt få løyve på Vestlandet og at dei som blir tildelte mellom anna blir nytta til å endre lokalitetsstrukturen for å betre sjukdomssituasjonen. Dei 5 løyva som er øyremerkt økologisk havbruk er ikkje knytt til noko særskilt fylke.

 

Dei nye løyva vil bli tildelt mot eit fast vederlag på 3 mill. kroner i Finnmark, og 8 mill. kroner i resten av landet. Vederlaget vil tilkome Staten. Regjeringa gjer framlegg om å løyve inntil 195 mill kroner, knytt til vedelaget, til dei aktuelle fylkeskommunane i form av frie midlar. Samstundes gjer regjeringa framlegg om å auke Miljøverndepartementets budsjett med 20 mill kroner, for å styrke arbeidet med villaks.

 

Eit nytt element i denne tildelingsrunda er at fylkeskommunane skal konsulterast om næringspolitiske vurderingar i lys av fylkesplanen, medrekna kvar i fylket det er ønskjeleg med meir havbruksverksemd.

 

– Regjeringa følgjer med dette framlegget opp vår ”Strategi for ei konkurransedyktig norsk havbruksnæring”. Vi  bidrar òg med dette til å styrke økonomien i  fylkeskommunar, noko som kjem fellesskapet og lokalsamfunna til gode, avsluttar fiskeri- og kystminister Helga Pedersen.

 

Fiskeri- og kystdepartementet vil før nyttår sende på høring utkast til tildelingsforskrift.

[/raw]

INGEN KOMMENTARER

Comments are closed.