DEL

Fiskeri- og kystdepartementet har fastsatt reguleringer for en rekke fiskeslag for 2009. For de fleste fiskeslag er det snakk om strengere reguleringer og mindre kvoter neste år.


( 15.12.2008 )

[raw]

Fiskeri- og kystdepartementet har fastsett regulering av fisket etter vassild nord for 62°N i 2009.Totalkvota vil som i 2008 vere på 12 000 tonn.

 

Det finst enno ikkje eit vitskapleg bestandsgrunnlag å byggje tilrådinga på, og det er difor som eit føre-var-tiltak viktig at uttaket av fisk ikkje blir auka. Utvida prøvetaking i 2009 vil truleg kunne medverke til meir presis tilråding i framtida.

 

Fisket blir opna 23. februar 2009. Kvoten blir vidareført på same nivå som i 2008 og sett til 12 000 tonn, der 2 400 tonn skal fiskast etter 17. mai. Fartøy med vassildtrålløyve får maksimalkvote på 600 tonn, med bifangsttilgang på 20 % ved fiske etter andre artar etter at totalkvoten er oppfiska. Tilsvarande tilgang til bifangst gjeld óg nord for 62°N for fartøy som ikkje har vassildtrålløyve.

 

Uendra rekekvotar

Fiskeri- og kystdepartementet har fastsett forskrift om regulering av fisket etter reker i Nordsjøen og Skagerrak i 2009. Den norske totalkvoten for 2009 er på 9731 tonn, med 4316 tonn i Nordsjøen og 5415 tonn i Skagerrak. Kvotene i 2009 er uendra frå 2008.

 

Reguleringane for inneverande år vert i hovudsak vidareført i 2009. Det inneber at den samla kvoten kan fiskast over tre periodar. I den første perioden fram til 30. april kan 40% av den samla kvoten fiskast, i dei to neste periodane 30% i kvar periode. Maksimalkvoten for det einskilde fartøyet er sett til 50 tonn i første periode og 40 tonn i kvar av dei etterfølgjande periodane. Fiskeridirektoratet vil følgje utviklinga i fisket og vurdere ei auking av maksimalkvotane om det er naudsynt.

 

Fartøy under 20 meter største lengde kan halde fram fisket innanfor eit garantert kvantum på 7 tonn i kvar av dei tre periodane, sjølv om periodekvotane er oppfiska.

 

Det einskilde fartøy sitt fiske er avgrensa til 6 tonn reker per tur, noko som er ein auke frå 5 tonn i 2008. Helgedagsfredinga vert vidareført.

 

Fortsatt streng regulering av torsk

Fiskeri- og kystdepartementet har fastsett forskrift om regulering av fisket etter torsk i Nordsjøen og i Skagerrak i 2009. Noreg og EU har fastsett ein totalkvote for torsk i Nordsjøen på 28 798 tonn. Norsk kvote i 2009 er på 4896 tonn.

Bestandssituasjonen for torsk i Nordsjøen er framleis vanskeleg, sjølv om 2005-årsklassa kan gje vekst i gytebestanden. Det er også i 2009 nødvendig å vidareføre ei streng regulering av dette fisket. Dette inneber at eit direkte fiske etter torsk berre er tillete for fartøy som fiskar med konvensjonelle reiskapar. Alt trålfiske skal framleis regulerast med bifangstreglar. Bifangstavsetninga til trålarane blir auka

Reguleringa inneber at fartøy som fiskar med konvensjonelle reiskapar kan drive eit direktefiske etter torsk innanfor ein gruppekvote på 2974 tonn i 2009, inklusiv bifangst på 400 tonn. Dette er ei auke på 540 tonn frå 2008.

 

Det er fastsett maksimalkvotar for torskefisket med konvensjonelle reiskapar i Nordsjøen i 2009. Fartøy som har løyve til å delta i lukka gruppe og som er under 15 meter kan fiske inntil 30 tonn, fartøy mellom 15 og 21 meter kan fiske inntil 60 tonn, og fartøy over 21 meter kan fiske inntil 120 tonn. Differensierte garanterte kvotar blir gjeninnført for lukka gruppe og blir sette til 5, 10 og 20 tonn. Fartøy i open gruppe som er under 21 meter kan fiske 5 tonn, og fartøy over 21 meter i open gruppe kan fiske maksimalt 20 tonn.

Fartøy som fekk dispensasjon frå forbodet mot direktefiske i Skagerrak i 2004, kan fiske innanfor ein maksimalkvote på 7 tonn. Når gruppekvoten er nådd eller fartøyet har fiska maksimalkvoten, kan fartøy som hadde løyve til å delta i direktefisket, ha maksimalt 20 % bifangst av torsk i fisket etter andre artar. Konvensjonelle fartøy på eller over 28 meter som ikkje har løyve til å delta i direktefisket, kan ha inntil 20 % bifangst av torsk ved fiske etter andre artar. Fartøy som fiskar med trål kan ha inntil 2,5 % bifangst av torsk i fisket etter andre artar. Fartøy som fiskar med konsumtrål med minste maskevidde på 120 mm i Nordsjøen, og  som har nordsjøtrålløyve eller avgrensa nordsjøtrålløyve, kan ha inntil 20% torsk som bifangst i fiske etter andre artar. 

 

Forbod mot direktefiske etter blåkveite

Fiskeri- og kystdepartementet har fastsett regulering av blåkveitefisket for 2009. Omsynet til bestanden gjer at det framleis er forbode å drive direktefiske etter blåkveite, bortsett frå eit avgrensa kystfiske.

I 2009 kan kystflåten drive eit direktefiske etter blåkveite i to periodar. Første periode blir på fem veker frå 25. mai til og med 28. juni, og andre periode blir på tre veker frå 10. august til og med 30. august. Kystfisket vert som tidlegare regulert med maksimalkvotar på 10, 12 og 14 tonn i 2009, avhengig av lengda på fartøyet. Eigar av fartøy kan ikkje delta i direktefisket med meir enn eitt fartøy.

 

Til skilnad frå tidligare vil det enkelte fartøy kunne delta i begge periodane, det vil seie i opptil åtte veker. Med relativt små maksimalkvotar vert dette vurdert til å vere forsvarleg. Dette vil kunne redusere fisketrykket i den enkelte perioden, og tar større omsyn til varierande fiskemoglegheiter og tilgang langs kysten. Dette vil også legge til rette for betre utnytting av svingingar på marknadssida.

 

Dei som ønskjer å delta i fisket må melde seg på skriftleg til Norges Råfisklag eller Sunnmøre og Romsdal Fiskesalslag før dei startar fisket sitt. Listene over påmelde fartøy vert offentleggjorde. For fartøy som ikkje har løyve til å delta i det direkte fisket, eller i periodar når det direkte fisket ikkje er ope, kan mengde blåkveite ikkje overstige 7 % ved fiske etter andre fiskeslag. Bifangst av blåkveite på årsbasis for den enkelte trålaren er avgrensa til maksimalt 4 % av summen av fartøykvotane for torsk, hyse og sei, men fartøyet kan likevel ikkje ta meir enn 40 tonn blåkveite som bifangst i 2009. Fartøy over 28 meter som fiskar med konvensjonelle reiskapar har også eit bifangsttak på 40 tonn.

 

Forbod mot brugde, pigghå og håbrand

Fiskeri- og kystdepartementet har fastsett forskrift om forbod mot fiske og fangst av brugde, pigghå og håbrann i 2009. Det internasjonale råd for havforsking (ICES) tilrår at det vert fastsett forbod mot direktefiske/-fangst av brugde, håbrann og pigghå. På denne bakgrunn har Fiskeri- og kystdepartementet vidareført forbodet mot direkte fangst av brugde, og mot direktefiske/-fangst av håbrann og pigghå. Dersom bifangst av brugde er død eller døyande, skal han landast og registrerast. Levedyktig bifangst av brugde skal sleppast i sjøen. Bifangst av håbrann og pigghå skal landast og registrerast.

 

Utvida fredning for breiflabb

Fiskeri- og kystdepartementet har fastsett regulering av fisket etter breiflabb i 2009. Gjeldande regelverk for breiflabbfisket vert i hovudsak ført vidare. Fredingsperioden vert utvida til fem månader mellom 64 og 65°N – tilsvarande som nord for 65°N. Det er forbode å fiske med garn etter breiflabb nord for 64°N i perioden frå og med 20. desember til og med 20. mai. I området mellom 62°N og 64°N gjeld forbodet frå og med 1. mars til og med 20. mai.

Nytt i 2009 er at fartøy som driv garnfiske etter breiflabb sør for 62°N skal rapportere til Kystvaktsentralen på Sortland (tlf. 07611) om setting av garn, opphaling av garn ved avslutting av fisket, tap av garn og funn av tapte garn. Tilsvarande rapporteringsplikt er tidlegare innført nord for 62°N. Norske fartøy kan fiske med inntil 500 garn, som skal røktast minst annankvar dag.

 

Vidare er det nytt i 2009 at det vert tillete å ha inntil 0,5 % innblanding av breiflabb i fiske med småmaska trål – avgrensa til maksimalt 500 kg per tur. Dette for å sikre at uunngåeleg bifangst under slikt fiske blir registrert. Denne regelen vil bli vurdert på nytt dersom han medverkar til auka uttak av breiflabb. Forbodet mot direkte fiske etter breiflabb med konsumtrål og snurrevad vert vidareført i 2009. Maksimal bifangst av breiflabb som er tillete i fiske etter andre artar med konsumtrål og snurrevad, vert ført vidare på 25 %. For fiske med reketrål vert regelen om maksimal bifangst av breiflabb på 10 % vidareført.

[/raw]

INGEN KOMMENTARER

Comments are closed.