DEL

Brunvoll Volda har signert kontrakt med Stadyard for levering av framdriftssystem til to kystnot/snurrevadfartøy. Utstyret til første båt skal leverast i desember 2017 og andre leveransen er i februar 2018. Rederia er Brødrene Bakken AS og Oddvar Nes AS. Skipa er venta levert frå Stadyard i desember 2018 og mars 2019.


( 06.06.2017 )

Leveransen frå Brunvoll Volda AS består av gir- og propellanlegg med styremaskin og sidethrustarar. Skipa er kombinert kystnot/snurrevadfartøy av type SK-3355 design frå Skipskompetanse i Måløy. Framdriftsanlegget frå Brunvoll Volda er eit single screw gir- og propellanlegg bygd for hybrid framdrift drive av ein Yanmar diesel motor, med kombinert PTO/PTI-konfigurasjon.

Hybridanlegget er designa for ein kombinasjon av mekanisk mode i tillegg til rein elektrisk drift og take-me-home, der også batterilagring kan inkluderast. Sidethrustarar har frekvensstyrte motorar og fast pitch propell for optimal drift.

Framdriftsanlegget er designa for optimal drift og stor fleksibilitet, med propellbladdesign iht DnV-GL sin Silent-F notasjon. Med kombinasjonen av effektivt framdriftsanlegg og spesialdesigna propellblad kan fartøyet både auke fangst og samtidig redusere drivstofforbruk og utslepp, og totalt sett redusere kostnaden pr fangst. Fartøya er venta å bli trendsettarar i denne delen av kystfiskeflåten.

Brunvoll Volda har har ein god ordrereserve på anlegg til fiskeflåten, der milljøhensynet er viktig i jakta på fiskeressursane. “Optimaliserte og kundetilpassa anlegg er vår spisskompetanse, og det er spesielt interessant å samarbeide med rederi og designselskap som set høge krav til oss som leverandørar ”, seier Hallvard Pettersen, dagleg leiar i Brunvoll Volda.

INGEN KOMMENTARER

Comments are closed.