Verftsnæringa er sterkt påverka av både oljeprisfallet og koronapandemien. No lyser Nærings- og fiskeridepartementet ut ein ekstern studie som skal kartleggje marknadssituasjonen i næringa og effekten av dagens verkemiddel.

– Verftsnæringa er ein viktig arbeidsog oppdragsgjevar for dyktige folk langs heile kysten. Enkelte verft har hatt vanskelege år, medan andre har klart seg betre. No vil vi ha ein grundig analyse av norsk verftsnæring for å få ein peikepinn på kvar den kan vere mest konkurransedyktig, siger næringsminister Iselin Nybø (V).

I stortingsmeldinga om maritim politikk, Grønnere og smartere – morgendagens maritime næring frå desember 2020 varsla regjeringa at ein vil gjennomføre ein studie av verftsnæringa sin økonomiske og konkurransemessige situasjon.

Studien vil ha som mål å kartleggje marknadssituasjonen i næringa og effekten av dagens verkemiddel. Den vil òg vurdere konkurransesituasjonen for norske verft i lys av europeiske støtteordningar.

Studien blir lyst ut på den offentlege portalen for offentlege innkjøp i dag og har ei kostnadsramme på 750.000 kroner.