Hjem Nyheter Kyst & Havfiske Ny kontrakt på bygging av fiskebåt

Ny kontrakt på bygging av fiskebåt

Dato:
Slik blir den nye båten til Frøybas AS i Kalvåg.

– Båten vert truleg den største snurparen i Norge med omsyn til lastekapasitet for båtar med lengde inntil 15 meter. Det finst tre isolerte lasterom og moderne innredning med høg standard. Thrustarar, hydraulikksystem, RSW-system, asdic, vacuumsystem og anna essensielt utstyr for å drive effektivt fiskeri, har svært høg spesifikasjon. Redar har lang erfaring med drift av denne båttypen, og har valgt kvalitetsutstyr heile vegen.

God interesse

-Mange har allerede vist interessa for båttypen. Det vert spanande å sjå om det vil kome mange fleire henvendelsar no når vi offentleggjer kontrakta, seier Harald Bigset, dagleg leiar i selskapet.

Bygging i utlandet

– For dette prosjektet vil i alle fall delar av båten bli bygd i utlandet. Vi hadde eit ønskje om å byggje den på Fiskå der vi bygde forrige båten, men av ymse grunnar så gjekk det ikkje slik. Det er synd, vi sender omlag 20 årsverk ut av landet berre for dette eine prosjektet, seier Bigset.

Mykje norsk innhald

– Det er eit stort innhald av norsk utstyr på båten. Når det er mogleg så vel vi utstyr og tjenester frå lokale verksemder, avsluttar Bigset.

Fakta om Barents Solutions AS

Barents Solutions AS vart etablert i 2012. Selskapet har kontor i Ulsteinvik. Selskapets hovedformål er å bygge båter med lengde frå 8 til 24 meter i stål og aluminium. Primærmarkedet, som det vert arbeidd ovenfor, er oppdrett og fiskeri.