DEL

– Brasil er ein viktig marknad for norsk sjømat, og nå tek vi steget vidare ved å starte samarbeid om berekraftig forvaltning av fiskeri og akvakultur. Allereie neste veke reiser ein norsk delegasjon til Brasil for å konkretisere det vidare samarbeidet saman med representantar for brasilianske styresmakter, seier fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen. 


( 21.03.2011 )

[raw]

I tillegg til dialogen mellom styresmaktene, har fleire norske forskingsinstitusjonar inngått samarbeidsavtalar med brasilianske samarbeidspartnarar. Å utvikle akvakultur i Amazonas kan gi eit spennande samarbeid mellom norske og brasilianske forskingsmiljø.

 

– Brasil er viktig for den norske sjømatnæringa, og er i dag den største marknaden for norsk klippfisk. Noreg eksporterte i fjor klippfisk til Brasil for 1,3 milliardar kroner, og norske sjømateksportørar meiner det ligg godt til rette for å auke eksporten av norsk sjømat. Det er derfor viktig for regjeringa å sikre gode og stabile rammevilkår for handelen mellom dei to landa våre, seier fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen.

[/raw]

INGEN KOMMENTARER

Comments are closed.