DEL

Fiskeri- og kystdepartementet har fastsett regulering av fisket etter sild sør for 62°N i 2011. Den norske totalkvoten av nordsjøsild er på 62 001 tonn. Av dette skal 56 287 tonn fiskast i Nordsjøen og 4001 tonn i Skagerrak.


( 21.12.2010 )

[raw]

Det er avsett eit kvantum på 1220 tonn til forskings- og undervisningskvotar og 1713 tonn til tredjeland.

 

Den norske kvoten er fordelt med 4135 tonn til trålgruppa, 7000 tonn til kystfartøygruppa og 47 933 tonn til ringnotgruppa. Av ringnotgruppa sin del går 45 057 tonn til fartøy med ringnotløyve og 2876 tonn til SUK-gruppa.

 

Det vert opna for eit direktefiske for trålgruppa, og det vert avsett 2000 tonn sild til å dekkje innblanding av sild i trålfangstane. Dersom bifangst av sild vert mindre enn 2000 tonn, kan Fiskeridirektoratet etter 1. desember 2011 opne for eit utvida direktefiske etter sild på det resterande kvantumet.

 

Det vert avsett 150 tonn til fartøy i open gruppe i kystgruppa, med maksimalkvotar på 10 tonn. Kvotestigen for fartøy i lukka gruppe går frå 8,5 tonn med garantert kvantum på 5,7 tonn for fartøy under sju meter til 136 tonn med garantert kvantum på 91,2 tonn for fartøy mellom 21 meter og 21,35 meter.

 

Det vert innført påmelding og loddtrekning for ringnotgruppa sitt fiske i Skagerrak. Påmeldingsfrist for dei som ønskjer å delta er måndag 3. januar 2011 kl. 1200. Påmeldinga skal sendast til Norges Sildesalgslag.

 

Den særskilte turkvoteordninga for SUK-gruppa og kystgruppa vert oppheva.

[/raw]

INGEN KOMMENTARER

Comments are closed.