DEL

Skjelanlegg som er forlate eller havarerte er eit problem langs kysten. Fiskeridirektoratet har difor sett av 250.000 kroner i 2009, og 300.000 for 2010 til opprydding av blåskjelanlegg.


( 22.01.2010 )

[raw]

Fiskeri- og kystdepartementet løyvde 250.000 kroner for 2009. Desse midlane gav Fiskeridirektoratet høve til, på tampen av 2009, å gjennomføre ein oppryddingsaksjon der skjelanlegg som er forlate eller havarerte vart fjerna.

 

Eldsjeler hjelper til
– For region Nordland var det ikkje lett å prioritere blant sine 30 eigarlause blåskjelanlegg. Vi prioriterte sjølvsagt anlegg som var ein fare for sjøtryggleiken, men måtte også prioritere ut i frå om det var nokon som kunne rydde opp for den summen vi hadde fått. I Steigen kommune rydda eit lokalt oppdrettsfirma opp eit anlegg som var på tur til å slite seg og drive ut i leia og dermed verte en fare for ferdsla. Dei kravde cirka halve summen for arbeidet, og tok då ikkje betalt for arbeidskrafta, fortel Gydå Lorås ved Fiskeridirektoratet sitt regionkontor i Bodø.

 

Heldigvis bur det mange eldsjeler på Vega. Fiskar Sverre Nilsen var interessert i å rydde opp på tre forlate skjelanlegg i «Himmelblå-landet». Når torskeprisane no var dårlege kunne desse pengane vere eit lite bidrag til hushaldet. Region Nordland tykte også at det var rett å prioritere desse anlegga. Dette var anlegg der eigar var gått bort, og var såleis 100 % utan eigar. Dessutan er dette området viktig for Nordland sidan det er eit verdsarvområde.

 

Håpar på meir midlar
I førre veke vart to av dei tre anlegga på Vega tekne opp og regionkontoret var med ut torsdag 14. januar for å observere. Då var også NRK Nordland med, og laga eit innslag TV-innslag om oppryddinga.

 

– Å ta opp eit gamalt blåskjelanlegg krev eit enormt oppryddingsarbeid. På desse tre anlegga i Vega rekna Sverre Nilsen med at det ville verte teke opp over 1000 syredunka, blåser og andre flyteelement, kasser med samlarar og tauverk samt anker og kjetting til fortøyingar. Biologisk materiale vert skrapa av å dumpa i sjøen på lokaliteten, etter løyve frå Fylkesmannen i Nordland.

 

– Regionkontoret er veldig fornøgde med at det vart løyvd pengar ,og at vi ved hjelp av lokale krefter klarte å rydde på fire av våre forlate blåskjelanlegg. Vi håpar sjølvsagt at det vert løyvd meir pengar til same føremål i 2010, seier Lorås.

[/raw]

INGEN KOMMENTARER

Comments are closed.