DEL

Fiskeri- og kystdepartementet har fastsett forskrift om regulering av fisket etter torsk, hyse og sei nord for 62°N i 2010.


( 21.12.2009 )

[raw]

Etter at kvotar til forsking, rekreasjonsfiske med vidare er trekte frå dei nasjonale kvotane, kan norske fartøy fiske 261 045 tonn torsk, 118 400 tonn hyse og 181 000 tonn sei i 2010. Det er sett av 6500 tonn torsk frå gruppekvoten til kystfiskeflåten for å skape aktivitet til hausten og sikre at det vert fiska meir hyse og sei.

 

– Bestandane av torsk, hyse og sei er svært sterke, og dette skaper grunnlag for lønnsemd og arbeidsplassar for fiskarane og i fiskeindustrien langs kysten. Kvotane til neste år går ytterlegare opp for torsk og hyse, og fiskarane vil sjå det på fartøykvotane vi no har fastsett. Barentshavet er eit rikt spiskammer, og når vi haustar og forvaltar på ein berekraftig måte vil det vere slik også i framtida, seier fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen.

 

Auke i torskekvotane og fritt fiske på hyse og sei for kystflåten.

 

– I reguleringane for 2010 er vi opptekne av at alle så langt som råd er skal få ein reell auke i kvotane. Totalkvoten for sei går litt ned, men vi har ikkje fiska opp kvoten dei siste åra. Dei fleste kan fiske mykje sei i 2010, og for kystflåten vert det også neste år fritt fiske på hyse og sei med garanterte kvotar, seier fiskeri- og kystministeren.

 

Meir til dei minste
– For fartøy under 11 meter som fiskar etter torsk har vi valt ei større overregulering enn for 2009. Erfaringane frå dei siste åra, trass i vanskane sist vinter, viser at stadig fleire fartøy, også dei små, fiskar heile kvoten sin. Dette gjer at graden av overregulering må justerast slik at vi ikkje overfiskar kvoten. Eg trur det nivået vi har valt for 2010 er rett, og vi har teke omsyn til dei minste fartøya som er spesielt utsette for dårleg vêr og kor god tilgang det er på fisk nær land, seier Berg-Hansen.

 

Avsetning til rekreasjonsfiske
Når kvoteauken for nokre fartøygrupper likevel ikkje er like stor som auken i totalkvoten, så kjem det av ei ny avsetning til rekreasjonsfiske. Denne avsetninga skal dekkje fangsten i rekreasjonsfiske, eller såkalla turist- og fritidsfiske, medrekna fangsten i ungdomsfiskeordninga og fangst frå fritidsfiskarar som vert omsett gjennom salslaga. Departementet skal mellom anna vurdere forhold knytt til turistfisket nærare i løpet av 2010. Til saman er det avsett 10 000 tonn torsk til desse formåla.

 

Opa gruppe
– Opa gruppe skal framleis vere eit reelt alternativ for fiskarar som ikkje har løyve til å delta i lukka gruppe, og eg er særleg oppteken av at ungdom skal kunne etablere seg med eige fartøy i denne gruppa, seier fiskeri- og kystministeren.

 

Kysttorskvern
Departementet vil tidleg i 2010 fastsetje ein plan for oppbygging av bestandane av kysttorsk. Inntil vidare vert vernetiltaka frå 2009 gjeldande også i 2010. Sjå eiga pressemelding om vern av kysttorsk i 2010. Spørsmålet om påskestopp vert handsama i tilknyting til kysttorskreguleringane for 2010.

 

Torsk
Den norske torskekvoten er fordelt med 179 210 tonn (68,73 %) til fartøy som fiskar med konvensjonelle reiskapar (garn, line, snurrevad og snøre), og 81 535 tonn (31,27 %) til trålarane.

 

Konvensjonelle havfiskefartøy kan fiske 22 957 tonn, og er regulerte med fartøykvotar. Fartøy i lukka gruppe kan fiske 133 430 tonn, og fartøy i opa gruppe kan fiske 16 323 tonn i 2010.

 

Fartøy i lukka gruppe er regulerte med maksimalkvote/fartøykvotar. Fartøykvotane er frå 17,5 tonn til 159,2 tonn avhengig av heimelslengde og fartøyet si faktiske lengde.

 

Fartøy med heimelslengde under 11 meter har ein gruppekvote på 36 893 tonn torsk, og får ei overregulering på 45 %. Dersom fartøyet si faktiske lengde er større enn 11 meter får dei halv overregulering, 22,5 %.

 

Fartøy med heimelslengde mellom 11 og 15 meter har ein gruppekvote på 35 439 tonn torsk, og får ei overregulering på 5 %. Dersom fartøyet si faktiske lengde er mindre enn 11 meter får dei dobbel overregulering, 10 %.

 

Fartøy med heimelslengde mellom 15 og 21 meter har ein gruppekvote på 36 613 tonn torsk, og får ei overregulering på 5 %. Dersom fartøyet si faktiske lengde er mindre enn 11 meter får dei dobbel overregulering, 10 %.

 

Fartøy med heimelslengde mellom 21 og 28 meter har ein gruppekvote på 24 484 tonn torsk, og får ei overregulering på 1 %. Dersom fartøyet si faktiske lengde er mindre enn 11 meter får dei dobbel overregulering, 2 %.

 

Maksimalkvotane i opa gruppe er frå 17 til 28 tonn avhengig av fartøylengde. Det vert gitt garantert kvantum frå 12 til 18 tonn.

 

All bifangst av torsk i fisket etter andre artar må avreknast innanfor fartøykvoten, eller innanfor bifangstordninga.

 

Fartøy med torsketrålløyve med kvotefaktor 1,00 kan fiske 921 tonn torsk i 2010. I 2009 var kvoten 776 tonn frå starten av året, men vart seinare auka til 836 tonn.

 

Hyse
Den norske hysekvoten vert fordelt med 73 408 tonn (62 %) til fartøy som fiskar med konvensjonelle reiskapar og 44 992 tonn (38 %) til trålarane.

 

Konvensjonelle havfiskefartøy kan fiske 13 213 tonn, og er regulerte med maksimalkvotar. Her er kvoteeininga sett til 192 tonn, av dette er 142 tonn garantert. Desse fartøya må dekkje eventuell bifangst av hyse i fisket etter andre artar innanfor fartøykvoten. 

 

Konvensjonelle kystfiskefartøy i lukka gruppe får fritt fiske etter hyse innanfor gruppekvoten, med garanterte kvotar i botn mellom 7 og 48 tonn, avhengig av heimelslengde. Fartøy i opa gruppe kan fiske 5873 tonn i 2010 og får fritt fiske innanfor gruppekvoten.

 

Fartøy med torsketrålløyve med kvotefaktor 1,00 får ein maksimalkvote av hyse på 656 tonn, av det er 504 tonn garantert. Maksimalkvoten er overregulert med 30 %.

 

Sei
Den norske kvoten er fordelt med 68 780 tonn (38%) til fartøy som fiskar med konvensjonelle reiskapar, 45 250 tonn (25 %) til notfartøya og 66 970 tonn (37 %) til trålarane. 350 tonn av kvoten er sett av til agnformål.

 

Gjenstående seikvoter fra 2009 overføres ikke til 2010 grunnet usikkerheten i bestandsgrunnlaget, tilgjengeligheten og fisket de siste årene.

 

Konvensjonelle havfiskefartøy kan fiske 7566 tonn og vert regulerte med ein maksimalkvote på 500 tonn.

 

Konvensjonelle kystfiskefartøy i lukka gruppe kan fiske 51 585 tonn og vert regulerte med fritt fiske og ein garantert kvote mellom 12 og 110 tonn avhengig av heimelslengde.

 

Fartøy i opa gruppe kan fiske 9629 tonn sei i 2010 og får fritt fiske innanfor gruppekvoten, med garanterte kvotar på 8 tonn.

 

Fartøy som fiskar sei med not kan fiske ein maksimalkvote mellom 355 og 2002 tonn. Det er gitt garanterte kvotar mellom 119 og 671 tonn.

 

Torsketrålarane kan fiske 53 576 tonn av trålkvoten og seitrålarane kan fiske 12 394 tonn etter at det er avsett 1000 tonn til å dekkje bifangst i industritrålfisket.

 

Trålgruppa er regulert med maksimalkvotar og garanterte kvotar. Fartøy med torsketrålløyve har desse kvotane: Fabrikktrålarar 874 tonn, av det 698 tonn garantert, ferskfisk- og rundfrysetrålarar 662 tonn, av det 529 tonn garantert og småtrålarar 384 tonn, av det 307 tonn garantert. Fartøy med seitrålløyve får maksimalkvotar etter ein stige frå 492 tonn til 1405 tonn og garanterte kvotar frå 393 tonn til 1124 tonn.

[/raw]

INGEN KOMMENTARER

Comments are closed.