DEL

Fiskebåtredernes Forbund og Det norske maskinistforbund godtok i natt eit framlegg frå riksmeklingsmannen til ny tariffavtale for maskinistar i havfiskeflåten. Dermed er den vekegamle streiken over, melder fiskebat.no.


( 28.10.2008 )

[raw]

-Vi er tilfreds med at begge partar godtok riksmeklingsmannens forslag og er glade for at streiken er over, seier Fiskebåt-direktør Audun Maråk.

 

Løysinga går ut på eit generelt tillegg på 5% i alle hyrer og faste satsar, fjerning av eigendel på reiser, presiseringar av mobilvaktordninga og semje om eit utvalsarbeid. I tillegg er det semje om at maskinistane på ringnotfarty (kolmule medrekna) får eit tillegg i lott på 0,05 prosentpoeng ettter 6, 8 og 10 år. Det inneber f.eks. at dersom lotten er 2,01% aukar han til 2,06% etter 6 år, til 2,11% etter 8 og 2,16% etter 10 år, melder Fiskebåtredernes forbund.

 

-Det var gjort eit forarbeid før møtet hos riksmeklingsmannen og begge partar strekte seg for å få til ei løysing. No håper vi på ei rask normalisering og at dei gode relasjonane om bord i havfiskebåtane held fram, avsluttar adm.dir. Audun Maråk i Fiskebåt.

[/raw]

INGEN KOMMENTARER

Comments are closed.