Marin Teknikk har inngått avtale med Frøyanes AS, Stadtlandet, for levering av design- og engineering for ein ny linebåt. Byggeverftet er Tersan Shipyard i Tyrkia. Båten skal være klar for levering i september 2021.

Fartøyet vil ha ei lengde på 60,50 meter og og ha lugarkapasitet for 30 personer. Linebåten skal drive fiske i sydishavet etter «Patagonian Toothfish» og byggast med høg isklasse. Designet har fått benevnelsen MT1112 L.

Fleire anerkjente leverandørar frå Norge får nytte godt av kontrakta med utstyrsleveransar til fartøyet.

Dette er den 11 båten Marin Teknikk har designa for det største norske linebåtrederiet Ervik Havfiske og deira samarbeidspartnarar.

Disse kontraktene viser Marin Teknikk sin posisjon i det krevande og ikkje minst spennende markedet innanfor for design av fiskefartøy.

Salgsdirektør Richard Gjerde påpeiker at dette er en svært gledelig og viktig kontrakt i eit krevende marked. – Vi har jobba tett med Stig og Kjell-Magne Ervik og teamet deira i nesten 25 år og vi føler at dette er ein anerkjennelse av arbeidet vårt med å tegne trygge, praktiske, miljøvennlige og kosteffektive fiskefartøy spesialtilpassa dei forskjellige fiskeri og havområde dette linebåtrederiet operer på.

Fra venstre: Sakir (Tersan), Ôzge (Tersan), Richard og Thomas Gjerde (Marin Teknikk), Stig Ervik (Ervik Havfiske), Engin Oktay (Tersan), Kjell Magne Ervik (Ervik Havfiske) og Geir-Rune Aarsheim (Ervik Havfiske)

Dette vert også bygg nummer 100 på Tersan Shipyard, som vart markert med stor sermoni på verftet torsdag 5 september, når kontrakta vart signert. Verftet understreka takknemeligheita for at dei i 2010 fekk oppdraget med å bygge eit komplett fartøy, MS Frøyanes. Dette var starten for eit nytt eventyr for Tersan i Tyrkia, som har gjort verftet til eit verdensleiande verft for bygging av spesialskip. Det var Marin Teknikk som også tegna den båten, MT1114, som fortsatt er den største linebåten i verda. Denne båten var også bygd med mykje ny teknologi, bla. med diesel elektrisk framdrift og andre nyskapende løysinger.