Kvart år blir mengda lakselus på vill laksefisk overvaka. Resultata brukar forskarane når dei skal vurdere om lusemengda på fisken er så stor at den har negativ effekt på overlevinga.

Metodane som vert brukte er dei same frå år til år, men områda som blir overvaka vert justerte ut frå ny kunnskap.

– Nytt i år er at vi har endra litt på området som vi skal undersøke utanfor Trondheimsfjorden. Tidlegare har vi tråla i fire veker nærare kysten og i fjordane i dette området. No skal vi tråle i ein lengre periode, og også i dei ytre delane av dette området, fortel Rune Nilsen som er prosjektleiar for det omfattande feltarbeidet som vert gjort i den nasjonale lakseovervakiinga (NALO).

Målet med å flytte  trålinga lenger ut av fjorden er å fange laksen etter at den har passert dei kystnære områda med mest lakselus.

– Dette vil gje eit meir korrekt bilde av situasjonen. Samtidig strekker vi trålinga ut i tid for å være sikre på å få med både tidleg og seint utvandrande smolt, seier Nilsen.

Fokus på vill laksesmolt

No i starten av overvakinga er det laksesmolten som skal symje frå elvene til beiteområda i havet som er i fokus:

– Målet er at overvakinga skal vere i gang når laksesmolten sym ut frå elvene slik at vi kan undersøke om dei får mykje lakselus på seg før dei kjem ut i havet, seier Nilsen.

Men også andre artar er i fokus:

– Vi brukar overvakinga til å kartlegge om lakselus har negativ effekt på overlevelsen til både villaks, sjøørret og sjørøye.

Dekker heile kysten

Overvakinga dekker heile kysten frå Sørlandet til Finnmark, men startar seinare i nord.

– Smoltutvandringen starter tidlegere i sør enn i nord. Derfor har vi tilpassa oppstarten i dei ulike landsdelane til det. Overvakinga pågår fram til starten av august, seier Nilsen.

Foreløpige resultat frå overvakinga blir presentert i juni, og endeleg rapport kjem i løpet av hausten.

Viktig kunnskap til trafikklys-systemet

Resultata frå overvakinga av lakselus er ein viktig del av kunnskapen som blir brukt i trafikklys-systemet som er styresmaktene sitt verktøy for å regulere produksjonen av oppdrettslaks.

– Resultata frå årets overvaking vil inngå i materialet som blir nytta neste gong vi skal gje råd i samband med dette systemet, avsluttar Rune Nilsen.

Overvakinga blir gjort på oppdrag frå Mattilsynet og Næringsog fiskeridepartementet.