DEL

Fiskeri- og kystdepartementet har fastsett regulering av fisket etter lodde i Barentshavet i 2010.


( 17.12.2009 )

[raw]

I samsvar med tilrådinga frå Det internasjonale råd for havforsking (ICES) vart totalkvoten for lodde i Barentshavet i 2010 tidlegare i haust fastsett til 360 000 tonn. Etter overføring av 30 000 tonn lodde frå den russiske kvoten, i byte mot norsk vårgytande sild, er den norske kvoten på totalt 245 000 tonn. Det vert sett av 5000 tonn til forskingsformål og 2000 tonn til kartleggings- og prøvefiske, slik at tilgjengeleg kvote for norske fartøy er på 238 000 tonn.

 

Den opphavlege norske kvoten er som tidlegare fordelt med 72 % til fartøya i ringnotgruppa, 12 % til fartøya i trålgruppa og 16 % til kystfartøya, medan bytekvantumet mellom Noreg og Russland er handtert på gruppenivå for ringnot- og trålgruppa. Dette gir 174 537 tonn samla til fartøya i ringnotgruppa, 30 183 tonn til fartøya i trålgruppa og 33 280 tonn til kystfartøygruppa.

 

Loddefisket i 2010 vert gjennomført med tilsvarande reguleringar som i 2009, med unntak av at påmeldingskravet for ringnotfartøy går ut og at det vert eit mellombels unntak frå turkvoteavgrensing til kystflåten på 250 tonn per tur for lodde som ikkje skal gå til konsum. Det sistnemnde skjer fordi det er redusert mottakskapasitet i nord komande sesong og difor må råstoff til mjøl- og oljeproduksjon førast sørover.

 

Det er ikkje fastsett nokon endeleg opningsdato for loddefisket, og fisket vil verte opna når prøvetaking viser at den vaksne lodda har skilt seg frå umogen lodde. Erfaringsmessig vil dette skje i midten av januar.

 

Fartøy i trål- og kystgruppa som ønskjer å delta i loddefisket må vere skriftleg påmelde til Norges Sildesalgslag innan 11. januar 2010.

[/raw]

INGEN KOMMENTARER

Comments are closed.