DEL

Den norske kvoten på lodde blir totalt på 275.000 tonn neste år.


( 17.12.2010 )

[raw]

Fiskeri- og kystdepartementet har fastsett regulering av fisket etter lodde i Barentshavet i 2011. I samsvar med tilrådinga frå Det internasjonale råd for havforsking (ICES) vart totalkvoten for lodde i Barentshavet i 2011 tidlegare i haust fastsett til 380 000 tonn. Etter overføring av 48 000 tonn lodde frå den russiske kvoten, i byte mot norsk vårgytande sild, er den norske kvoten på totalt 275 000 tonn.

 

Den opphavlege norske kvoten er som tidlegare fordelt med 72 % til fartøya i ringnotgruppa, 12 % til fartøya i trålgruppa og 16 % til kystfartøya, medan bytekvantumet mellom Noreg og Russland er handtert på gruppenivå for ringnot- og trålgruppa. Dette gir 199 613 tonn samla til fartøya i ringnotgruppa, 34 867 tonn til fartøya i trålgruppa og 35 520 tonn til kystfartøygruppa.

 

Loddefisket vert opna 20. januar 2011, ettersom det då er sannsynleg at den vaksne lodda har skilt seg frå umoden lodde. Området innanfor 4 nautiske mil frå grunnlinja vert stengt for loddefiske, men vil verte opna dersom ein vurderer det som forsvarleg. Fiskeridirektoratet region Troms kan gi dispensasjon for å fiske i stengt område, mot at fartøya har inspektørar om bord som kan kontrollere mellom anna bifangst i fisket.

 

Det gjeld ikkje lenger noka turkvoteavgrensing i loddefisket. Det vert opna for at også fartøy i trålgruppa, på same måte som andre fartøy, på visse vilkår kan overføre fangst mellom fartøy på feltet. Dette for å unngå neddreping når det vert tatt store fangstar. Elles vert fisket gjennomført med tilsvarande reguleringar som i 2010.

 

Fartøy i trål- og kystgruppa som ønskjer å delta i loddefisket må vere skriftleg påmelde til Norges Sildesalgslag innan 13. januar 2011.

 

Det vert ikkje innført noka påmeldingsavgift for å delta i loddefisket i 2011. Fiskeri- og kystdepartementet tek likevel sikte på å etablere ei ordning for å kunne krevje påmeldingsavgift, i form av eit depositum, i fiskeri kor det vert fleire påmelde fartøy enn dei som faktisk deltar. Dette for å få ei påliteleg oversikt over kor mange som skal delta, slik at dei enkelte fartøya kan tildelast meir garanterte kvotar med låg overregulering. Ei slik ordning vil bli vurdert i løpet av 2011, med sikte på eventuell innføring frå 2012.

[/raw]

INGEN KOMMENTARER

Comments are closed.