DEL

Eit av leitefartya til Havforskingsinstituttet har i dag registrert lodde sør/søraust av Bjørnøya. Det er for tidleg å konkludere med om dette er fangstbare funn, seier seniorrådgjevar Robert Misund i Fiskeridirektoratet.


( 23.01.2009 )

[raw]

Han opplyser at eit av fartya som er innleigd av Fiskeridirektoratet i helga vil leite i området der det no er registrert lodde, melder Fiskebåtredernes Forbund.

 

Det er Møgsterfjord og Brennholm som har leita for Fiskeridirektoratet, i hovudsak i den austlege delen av norsk økonomisk sone sør for 74-graden. Til no har dei ikkje registrert lodde.

For Havforskingsinstituttet er det Eros og Libas som leitar. Eit av fartya har altså i dag registrert lodde i eit område rundt 73 grader 46 minutt nord, 21 grader 8 minutt aust.

[/raw]

INGEN KOMMENTARER

Comments are closed.