DEL

Fiskeri- og kystdepartementet har fastsett regulering av fisket etter vassild i 2010. På bakgrunn av ny kunnskap om bestanden, som tilseier at ein del av bestanden vandrar inn i Nordsjøen utanom gyteperioden, er reguleringa i år utvida til å gjelde heile Noregs økonomiske sone. Nord for 62°N vert det fastsett ein totalkvote på 12 000 tonn, før frådrag av forskingskvote på 300 tonn.


( 16.12.2009 )

[raw]

Fisket vert opna 15. februar 2010. Kvoten vert vidareført på same nivå som i 2009 og vert sett til 12 000 tonn, der 1755 tonn skal fiskast etter 17. mai. Fartøy med vassildtrålløyve får maksimalkvote på 600 tonn. Bifangstadgangen for fartøy utan vassildtrålløyve vert redusert til 10% innblanding av vassild ved fiske etter andre artar. Det same gjeld fartøy med vassildtrålløyve etter at maksimalkvoten er oppfiska eller fisket eventuelt vert stoppa.

 

Videreføring av regulering av uer

Fiskeri- og kystdepartementet har fastsett forskrift om regulering av fisket etter uer i ICES’ statistikkområde I og II utanfor nokon stat sin jurisdiksjon i 2010. Når det gjeld fisket etter uer i norsk økonomisk sone vert det vist til forskrift om utøving av fisket i sjøen.

 

På grunn av bestandssituasjonen vert gjeldande reguleringsordningar for fisket etter uer i norsk økonomisk sone nord for 62°N vidareført, slik dei går fram av utøvingsforskrifta. Det vil mellom anna seie at forbodet mot å fiske uer med trål nord for 62°N vert ført vidare. Det same gjeld bifangstreglane, som inneber at ein heller ikkje i 2010 kan ha meir enn 15 % innblanding av uer i fisket med trål og 20 % innblanding i fisket med konvensjonelle reiskapar, i fisket etter andre artar. Sjå nedst for aktuelle paragrafar i utøvingsforskrifta.

 

Reguleringane når det gjeld fisket etter uer i ICES’ statistikkområde I og II vert fastsett i samsvar med vedtak i Den nordaustatlantiske fiskerikommisjonen NEAFC. Det vil seie at med unntak frå eit generelt forbod mot fiske i området, kan landa i NEAFC fiske ein samla kvote på 8600 tonn mellom 15. august og 1. desember 2010. Fisket vert regulert som eit olympisk fiske i denne perioden. Berre fartøy som har tilgang til å ta del i dette fisket i år, vil kunne ta del i 2010.

 

Lisensiert overvåkningsfiske etter ål

Fiskeri- og kystdepartementet har fastsett forskrift om regulering av fisket etter ål i 2010. På grunn av den alvorlege bestandssituasjonen vart det i 2009 innført forbod mot fiske etter ål for fritidsfiskarar. I 2010 vert det innført eit lisensiert overvakingsfiske etter ål innafor ei ramme på 50 tonn, der berre utvalde yrkesfiskarar vil få høve til å delta.

 

Situasjonen for den europeiske ålen har blitt sterkt forverra dei siste åra, og Det internasjonale råd for havforsking (ICES) har tilrådd ein stor reduksjon i haustinga så snart som mogleg. For å halde streng kontroll med uttaket og samstundes samle informasjon om bestandsutviklinga, vert det i 2010 innført eit overvakingsfiske med tildelte kvotar og med geografisk fordeling i samsvar med følgjande tabell:

 

Fylke

Kg ål

Talet på fiskarar

Sum kg ål

Østfold

      1 500

6

       9 000

Oslo/Buskerud/Akershus

      1 500

1

       1 500

Vestfold

      1 500

4

       6 000

Telemark

      1 500

2

       3 000

Aust-Agder

      1 500

5

       7 500

Vest-Agder

      1 500

5

       7 500

Rogaland

      1 000

11

     11 000

Hordaland/Sogn og Fjordane

      1 000

8

       8 000

 

 

 42

     53 500

 

Fangstperioden vil vere frå 1. mai til 30. november 2010. For å kunne ta del i overvakingsfisket må det sendast søknad på fastsett skjema til Fiskeridirektoratet, region Sør innan 1. februar 2010. Prioritering av deltakarar vil mellom anna skje på bakgrunn av historisk registrerte fangstar i perioden 2006-2008.

 

Utarbeidinga av opplegg og kriterium for deltaking har gått føre seg i nært samarbeid med representantar frå fleire delar av næringa. Målet med eit overvakingsfiske er at ein så langt det er mogleg innafor ei berekraftig ressursforvaltning skal halde i hevd ein haustingstradisjon, samstundes som næringa sjølv gjennom dette vil ta del i bestandsovervakinga. Saman med tildelte lisensar vil det følgje ei utvida plikt til rapportering til Havforskingsinstituttet, og data frå fisket vil bli brukt som kjelde til bestandskartlegging.

[/raw]

INGEN KOMMENTARER

Comments are closed.