DEL

Fiskeriminister Per Sandberg gir 2 millionar kroner ekstra til prosjekt som skal gi barn gode opplevingar med sjømat.


( 12.05.2017 )

Regjeringa har i 2017 sett av til saman 10 millionar til prosjekt og tiltak som skal gi barn og unge gode opplevingar med sjømat. Men i år har det kome så mange gode søknader om tilskot til sjømatprosjekt at potten blir auka.

– I år har eg fått ein rekordstor tilstrøyming av søknader. Denne regjeringa tek barn på alvor, så no legg vi ytterligare 2 millionar kroner på bordet, seier fiskeriminister Per Sandberg (FrP).

Norge har dei siste ti åra hatt eit stabilt høgt inntak av sjømat, fram til 2016 då det gjekk tilbake med 7 prosent. Inntaket av sjømat blant dei under 34 år har gått mest tilbake.

–  Dette er ei utvikling vi må ta på alvor. Noreg er ein stor fiskerinasjon og vi burde være verdsmestrar i å lage og ete fisk. Meir kunnskap om sjømat kan gje barn og unge fleire gode matopplevingar, og gjere det lettare å velje fisk oftare. Å gje barn og unge eit godt kosthald er ein av dei viktigaste investeringane vi kan gjere for kommande generasjonar, seier fiskeriministeren.

INGEN KOMMENTARER

Comments are closed.