Metiz Catchlog AS lanserer no elektronisk fangstdagbok i samarbeid med islandske TrackWell Seadata. På Island har elektronisk dagbokføring vore pålagt i fleire år, medan Norge innfører ordninga frå nyttår for alle båtar over 21 meter.


[raw]

– Basert på dei islandske erfaringane meiner eg vi kan tilby eit velprøvd og godt fungerande system som gir mange mulegheiter ikkje minst når det gjeld informasjon og kontakt mellom båt og reiarlag. Det seier Hallgeir Frøystadvåg, som er dagleg leiar for det nyetablerte selskapet med utspring frå Metiz-organisasjonen i Fosnavåg.

 

Frøystadvåg har tru på at Metiz Catchlog kan bli ein ny suksess etter at Gry Cecilie Sydhagen innkasserte prisen for årets kvinnelege grunder med Metizoft. Ikkje minst er den tidlegare salssjefen i RFG glad for å vere tilbake mellom fiskarane igjen.

 

Den elektroniske fangstdagboka stettar alle krav som Fiskeridirektoratet stiller til den elektroniske rapporteringa med tanke på å vere eit verkty i kontroll-, reguleringsog forskingssamanheng. Når ordninga blir innført skal alle båtar over 21 meter gi daglege rapportar om posisjon, aktivitet og fangstmengd.

 

-Med vårt opplegg blir eit omfattande meldingssystem enkelt å overhalde, seier Frøystadvåg.

 

Frå fyrste dag vil i overkant av  400 norske fiskebåtar vere omfatta av det nye pålegget og elektronisk dagbokføring. Etter eit år skal ordninga utvidast til også å omfatte båtar ned til 15 meters lengde.

 

I tillegg har systemet mange tilleggsfunksjonar som gjer det til eit nyttig verkty for reiarlaga som til dømes å samle historiske data når det gjeld posisjonar, fangstmengd og annan nyttig informasjon for utøving av fisket.

 

-Systemet gir både reiarlaget på land og skipperen om bord lett tilgang til fangsthistorikk. Dette gir mulegheiter mellom anna til å posisjonere fartyet til meir passande fiskeområde basert på data frå tidlegare år, seier Frøystadvåg.

 

Han meiner Metiz Catchlog sitt SeaData-system vil vere det mest komplette og beste systemet på marknaden i dag, og er glad for at dei fekk til dette samarbeidet med islendingane som tok systemet i bruk allereie i 2003. Frå før finst det berre eitt liknande system i Norge.
-Så langt eg ser er vårt system konkurransedyktig både på kvalitet, fleksibilitet og ikkje minst på pris, slår Frøystadvåg fast.

 

Det har også vore Fiskeridirektoratet sitt ønskje å få meir enn ein leverandør av den elektroniske fangstdagboka. Metiz Catchlog skal i løpet av august installere systemet om bord i fem fiskebåtar for uttesting framover mot årsskiftet. Dermed vil SeaData bli utprøvd både på ringnot, trål, line og garn.

 

Hallgeir Frøystadvåg har tru på at den elektroniske fangstdagboka vil få mykje å bety for Metiz Catchlog, som skal stå for programvare og installering om bord i båtane. Det nye produktet vil gi behov for nytilsettingar både på sal, innstallering og brukarstøtte.

 

-Eg ser føre meg ein stor marknad, slår Frøystadvåg fast.

[/raw]