Årsmøte i Sogn og Fjordane Senterparti krev at Regjeringa set fiskeriforhandlingane med Storbritannia på dagsordenen no. Dette for å sikre marknadstilgang.


( 25.03.2018 )

Brexit er ei anledning til å sikre norske interesser innan fiskeri. Dette er ei moglegheit som norske myndigheiter ikkje må la gå frå seg. Senterpartiet er uforståande til regjeringa sin passivitet. EU kjem til å krevje fiskekvotar og soneadgang i bytte mot marknadsadgang frå Storbritannia.

Passivitet som kan gjere at Noreg kjem tapande ut i kampen om gjensidige fiskerettigheter i kvar andre sine soner.

Årsmøte i Sogn og Fjordane Senterparti krev at Regjeringa set fiskeriforhandlingane med Storbritannia på dagsordenen no. Dette for å sikre marknadstilgang, heter det i en uttalelse fra møtet.