DEL

Den norske totalkvoten på Nordsjøsild, NVG-sild, tobis og augepål for 2009 er fastsett. Kvoten av kolmule er som venta kraftig redusert, frå 429.800 tonn i 2008 til 220.673 tonn neste år. Det blir også mindre norsjøsild å fiske på, medan det forebels ikkje er gjeve noko kvote på tobis. Eit prøvefiske saman med EU vil avgjere kor stor den kvoten vert. Kvoten på NVG-sild vert auka til vel ein million tonn.


( 18.12.2008 )

[raw]

KOLMULE

Nær halvvert kvote av kolmule
Fiskeri- og kystdepartementet har fastsett forskrift om regulering av fisket etter kolmule i 2009. Den norske totalkvoten er på 220 673 tonn, mot 429 580 tonn i 2008. Det er avsett 1500 tonn til dekning av bifangst av kolmule i andre fiskeri, og 3000 tonn til forskings- og undervisingsformål.

 

Den store reduksjonen i kvoten er eit resultat av den dårlege bestandssituasjonen med sviktande rekruttering dei seinare åra. I kystatsavtalen har partane avtalt ei gradvis nedtrapping av fiske over to år til eit berekraftig nivå.

 

Fartøy med kolmuletrålløyve kan fiske og lande inntil 156 398 tonn. 123 191 tonn av dette kan fiskast i EU-farvatn, og18 887 tonn i Færøysona. Fiskeridirektoratet får fullmakt til å fastsetje fartøykvotar.

 

Industritrålarane og nordsjøtrålarane kan fiske og lande 59 577 tonn. 34 746 tonn av dette kan fiskast i EU-farvatn, og 5327 tonn i Færøysona. Fiskeridirektoratet får fullmakt til å fastsetje fartøykvotar og maksimalkvotar.

 

NORDSJØSILD

Regulering av sildefiske for 2009
Fiskeri- og kystdepartementet har fastsett regulering av fisket etter sild i Nordsjøen og Skagerrak i 2009.

 

Bestanden har hatt sviktande rekruttering dei seinare åra. Noreg og EU har difor utarbeida ein ny forvaltningsplan etter råd frå det internasjonale råd for havforsking (ICES). Basert på den nye forvaltningsplanen vart partane einige om ein kvote på 171 000 tonn i 2009, noko som er ein nedgang på rundt 30 000 tonn frå 2008. Den norske kvoten i Nordsjøen er på 49 590 tonn i 2009. I tillegg kommer 5032 tonn i Skagerrak. Etter at det er overført sild til andre land og sett av eit kvantum til forsking og undervisning, vert kvoten norske fiskarar kan hauste 51 980 tonn i Nordsjøen og Skagerrak i 2009.

 

Nedgangen i kvoten er i tråd med den nye forvaltningsplanen, og var naudsynt av omsyn til bestanden. ICES har vurdert forvaltningsplanen til å vere berekraftig.

 

Den norske kvoten er fordelt med 7000 tonn til kystfartøygruppa, 3639 tonn til trålarane og 41 342 tonn til ringnotgruppa. Av ringnotgruppa sin kvote tilfell 2481 tonn fartøy i SUK-gruppa.

 

Fisket for fartøy i lukka gruppe i kystgruppa vert regulert med maksimalkvotar, men med ein garantert kvote i botnen. Kvotane er differensierte, og varierer frå 7,3 tonn for dei minste og opp til 116,8 tonn for dei største fartøya. Fartøy i opa gruppe kan fiske inntil 5 tonn innanfor ei avsetning på 200 tonn, medan fartøy som fiskar med garn kan fiske inntil 10 tonn innanfor den same avsetninga. Av kvantumet til kystfartøygruppa  er det også sett av  500 tonn til låssettingsfiske innafor grunnlinjene i Skagerrak.

 

Det er frå 1. januar 2009 opna for at trålarane kan fiske sin gruppekvote i eit direkte fiske etter sild, i tillegg til at sett av 1000 tonn frå gruppekvoten til bifangst. Direktefisket vert regulert med fartøykvotar baserte på bruttotonnasjen til fartøyet den 31. desember 2001. Trålfisket må som tidlegare gå føre seg i Nordsjøen.

 

For ringnotflåten vert det eksisterande reguleringsopplegget vidareført, bortsett frå  at høvet til å fiske 30% av Skagerrak-kvoten i Nordsjøen no er redusert til 20%.

 

NGV-SILD

Kvotestabilitet for NVG-sild
Den norske totalkvoten av norsk vårgytande sild aukar frå 925 980 tonn i 2008 til 1 002 230 tonn i 2009. Fordeling av totalkvoten og kvotestige i kystgruppa vert den same som i 2008. Kvotefleksibiliteten mellom kalenderåra vert ført vidare.

 

Det er sett av eit kvantum på 3000 tonn sild til forsking og skulekvotar og 1000 tonn til agnkvoten før fordeling på fartøygruppene. Dette er for å sikre at heile den norske fangsten skjer innanfor den norske totalkvoten. Det er vidare sett av 2000 tonn av kystflåten sin gruppekvote til fartøy som deltek i open gruppe før fordeling til fartøy i lukka gruppe.

 

Fartøy i ringnotgruppa, trålgruppa og kystfartøygruppa får maksimalkvote med eit garantert kvantum i 2009. Den norske kvoten er fordelt med 367 349 tonn til kystfartøygruppa, 109 805 tonn til trålarane og 521 076 tonn til ringnotgruppa. Kvotestigen for fartøy i kystfartøygruppa går frå 112,50 tonn med garantert kvantum på 71,25 tonn for fartøy under 7 meter til 1 890 tonn med garantert kvantum på 1 197 tonn for fartøy på 26 meter og over.

 

Fartøykvotane for ringnot og trål vert fastsette etter same nøkkel som i 2008. Gruppekvotane for 2009 vil som følgje av kvotefleksibiliteten korrigerast når dei endelege tala for fisket i 2008 er klare.

 

Fartøy i ringnot- og trålgruppa får kvotefleksibilitet i 2009, slik at den delen av kvoten som ikkje er fiska i 2009, kan overførast til 2010. På same måte vil overfiske av kvoten i 2009 verte trekt frå kvoten i 2010.  Kystfartøygruppa har kvotefleksibilitet på gruppenivå, men kvotar som ikkje er fiska av kystfartøygruppa vil framleis kunne refordelast på gruppenivå i 2009.

 

Alle fartøy – også i kystfartøygruppa – kan fiske inntil 10 % av kvoten for 2010 på forskot i 2009. For fartøy i kystfartøygruppa gjeld denne kvotefleksibiliteten berre for den garanterte kvoten.

 

TOBIS

Prøvefiske skal avgjøre tobis-kvote
Fiskeri- og kystdepartementet har fastsett forskrift om regulering av fisket etter tobis og augepål i 2009. I tråd med tilrådingane frå havforskarane kan det opnast for eit fisket etter augepål i 2009. Fisket etter tobis er avhengig av resultata av eit felles prøvefiske med EU.

 

Etter Kvoteavtalen mellom Noreg og EU har Noreg tilgang til å fiske 20.000 tonn tobis i EU-farvatn. Noreg og EU har også avtalt å gjennomføre eit felles prøvefiske etter tobis. Ein eventuell kvote for eit kommersielt fiske vil bli bestemt etter ein modell utarbeidd av  Det internasjonale råd for havforsking (ICES).

 

Etter råd frå ICES er det opna for eit direkte fiske etter augepål i perioden 1. mai til 31. august 2009. Den norske kvoten er på 28.350 tonn. ICES kjem med eit revidert råd i april/mai 2009 og reguleringa kan bli endra som følgje av dette rådet.

 

Frå 1. januar er det innført forbod mot direkte fiske etter augepål både sør og nord for 62ºN i 2009. Augepål kan likevel fiskast som bifangst i fisket etter andre artar.

[/raw]

INGEN KOMMENTARER

Comments are closed.