DEL

Fiskeri- og kystdepartementet har fastsett regulering av fisket etter makrell i 2009 for ringnot- og trålgruppa. Den norske makrellkvoten er sett til 190 802 tonn. Det er ein auke på 70 352 tonn samanlikna med 2008. For kystfartøygruppa vert det gjennomført ein høyringsrunde før den endelege reguleringa med gruppeinndelingar, fartøykvotar og overregulering vert fastsett.


( 02.04.2009 )

[raw]

I følgje Det internasjonale havforskingsrådet  (ICES) har gytebestanden av makrell auka mykje sidan 2002, og tilstanden til bestanden er rekna for å vere god. På bakgrunn av dette har kyststatane funne at det er forsvarleg å auke haustinga noko utan fare for rekrutteringa. Uttaket som er vedteke i kyststatsavtalen for 2009 er i tråd med ICES si føre-var-rådgjeving.

Noreg sin kvote er fordelt med 145 266 tonn til ringnotgruppa, 35 558 tonn til kystfartøygruppa og 5978 tonn til trålgruppa. Det er dessutan avsett 3000 tonn til forskings- og undervisningskvotar og 1000 tonn til agn. Det ordinære fisket tek til måndag 10. august 2009.

 

Ringnotfartøya sin kvote blir fordelt med 133 354 tonn til konsesjonspliktige ringnotfartøy og 11 912 tonn til SUK-gruppa. Konsesjonspliktige ringnotfartøy kan kvar fiske 350 tonn makrell før 10. august 2009. Ringnotfartøy som tilhøyrer SUK-gruppa kan fiske 250 tonn makrell før 10. august 2009.

 

Av kystfartøygruppa sin kvote på 35 558 tonn blir det sett av 400 tonn til open gruppe og 100 tonn til ikkje-manntalsførte fiskarar som fiskar med landnot. Kystfartøy i open gruppe kan fiske 5 tonn makrell, medan fiskarar som fiskar med landnot har ein maksimalkvote på 15 tonn og eit garantert kvantum på 5 tonn i botn i 2009.

 

Når det gjeld reguleringane i kystfartøygruppa har ein i løpet av dei siste åra prøvd ut  ulike modellar, men ingen av desse har fungert optimalt. For kystnotgruppa og garn- og snøregruppa har reguleringane samtidig utvikla seg til å bli svært samansette, og departementet finn det difor naudsynt med ein grundig gjennomgang av reguleringsopplegget i begge desse gruppene. Departementet vil etter påske sende på høyring ei sak om reguleringane for kystfartøya, og vil på bakgrunn av høyringsfråsegna fastsetje endeleg regulering av det ordinære fisket i kystfartøygruppa.

 

Inntil vidare gjeld den foreløpige reguleringa for kystfartøygruppa. Kystfartøy med løyve til å fiske med garn/snøre kan fiske 23 tonn i perioden til og med 9. august 2009. I same periode kan notfartøy med løyve fiske 25 tonn makrell.

[/raw]

INGEN KOMMENTARER

Comments are closed.