DEL

Linefiskeri er eit selektivt, miljøvenleg fiskeri som bidreg til ei berekraftig forvaltning av ressursane, og er slik eit fiskeri for framtida. På trass av dette har næringa dei siste åra slite med rekruttering og dårleg økonomi. For å samle næringa og setje fokus på den havgåande lineflåten og ombordfrossen fisk, blir det en stor “Linekonferanse” i Måløy i slutten av mars.


( 01.02.2011 )

[raw]

Fiskeriminister Lisbeth Berg-Hansen opnar Linekonferanse i Måløy 29.-30. mars 2011. Konferansen vil belyse tema innanfor områda økonomi, rekruttering samt dei politiske vilkåra for linenæringa. Her til lands har denne typen fiskeri lange tradisjonar, og i dag vert line nytta som reiskap for fiske etter kvitfisk, i hovudsak torsk, hyse, lange og brosme. 


Etter at det for om lag ti år sidan vart opna for strukturering i denne flåtegruppa , har den havgåande lineflåten blitt redusert frå i underkant av hundre fartøy til dagens 33. Av desse er 15 registrerte i Sogn og Fjordane, 17 i Møre og Romsdal og eitt fartøy i Finnmark. 


Struktureringa har gitt mulegheita for eit større fangstgrunnlag av torsk og hyse for kvart enkelt fartøy, men dessverre er linebåtnæringa framleis konjunkturutsett, og slit med fornying. Dette ser ein mellom anna av den høye gjennomsnittsalderen for fartøya i flåten, med en snittalder på nesten tjue år. Det auka potensielle fangstvolumet som struktureringa har ført til, har ikkje hjelpt næringa tilstrekkeleg, all den tid prisane er på dagens nivå.

 

– Ombordfrosen, linefanga fisk oppnår ikkje ein tilfredsstillande pris i marknaden, med omsyn til ressursbruk og kvaliteten på det leverte produktet 


For å setje søkjelys på nokon av dei utfordringane næringa står overfor inviterer vi derfor til ein linekonferanse i Samfunnshallen i Måløy 29. og 30. mars 2011. Tema for konferansen vil vere økonomi, rekruttering og politiske vilkår for flåtegruppa. Fiskeriminister Lisbeth Berg-Hansen vil opne konferansen. Første dag vil vi sjå nærare på marknadstilgang, kundepreferansar og kvalitet, medan vi andre dag vil ta for oss mellom anna rekrutteringssituasjonen og rammevilkåra for næringa. 


Utover å setje søkjelys på de nemnde tema, er målsetjinga med konferansen å samle næringa på ein felles arena og vidareføre initiativet i andre prosjekt, gjerne nye marknadsprosjekt eller FoU-relaterte prosjekt. Dette for å sikre vidare utvikling, og å bidra til å styrkje flåtegruppa. . 


Oppdatert informasjon om program og påmelding på www.linekonferanse.no

[/raw]

INGEN KOMMENTARER

Comments are closed.