DEL

I kolmuleforhandlingane i London er det blitt semje mellom EU, Færøyane, Island og Norge om ein totalkvote på 590.000 tonn neste år. Norske fartyg sine kolmulefangstar har sunket kvart år sidan 2003 då 865.491 tonn vart  teke i eit uregulert fiske. I 2005 vart vart 852.704 tonn teke, året etter fell det brått til 726.445 tonn, og vidare ned til 635.343 tonn i 2006. I fjor vart den totale norske kolmulefangsten 530.045 tonn.


( 12.11.2008 )

[raw]

Den norske kvoten av totalkvoten på 590.000 tonn dette vert på omlag 142.000 tonn, men i tillegg kjem det Norge oppnår i kvoteavtalar med EU og Færøyane.- Kolmulekvoten blir halvert i forhold til i år, men det var venta ut frå situasjonen, seier Fiskebåt-direktør Audun Maråk. Neste år vert det sjette året på rad fiskemelindustrien og fiskeflåten må belage seg på mindre kolmule.

 

Fiskebåtredernes Forbund si heimeside vert forhandlingene i London omtala slik:

 

-I forhandlingane tok somme overraskande nye posisjonar i forhold til den første runden. Blant anna kom det utspel om lågare totalkvote, seier Maråk, men denne gongen enda det altså med semje.
Partane blei også samde om ein forvaltingsplan for kolmule, der formålet er å bygge opp igjen bestanden.

 

-I dei bilaterale forhandlingane oppnådde Norge auka tilgang i EU-sona, men uendra tilgang i færøyisk sone. Vi er forundra at Færøyane nekta oss utvida tilgang fordi rammeavtalen med Færøyane tilseier auka auka sonetilgang når kvotane går ned. Dessutan bør det vere i interessene til alle med størst mogleg verdiskaping. Fiskebåt har som prinsipp at når det er semje om totalkvote og fordeling, så må det leggast til rette for mest mogleg rasjonelt og lønsamt fiske. Norge har varsla at vi vil kome tilbake til dette spørsmålet, seier Maråk.

[/raw]

INGEN KOMMENTARER

Comments are closed.