DEL

Fiskeri- og kystdepartementet har i dag sendt på høyring eit forslag om å auke største tillatne lasteromsvolum for fartøy med torsketrål,- seitrål- og reketrålkonsesjon.


( 10.05.2011 )

[raw]

Forslaget går ut på at fartøy med torsketrål,- seitrål- og reketrålkonsesjon får auka største tillatne lasteromsvolum frå 1500 m3 til 4000 m3. Eit av formåla med forslaget er at havfiskefartøy med ringnot-, pelagisk trål-, torsketrål-, seitrål- eller reketrålkonsesjon etter dette vil få same grense når det gjeld storleiken på lasterommet. Samstundes inneber forslaget at kva rom som skal reknast med i lasteromsvolumet også blir likt for alle desse fartøya. Høyringsfrist er satt til 10. august 2011.

[/raw]

DEL
Forrige artikkelEgypts sjømatimport øker raskt
Neste artikkelFisken krymper

INGEN KOMMENTARER

Comments are closed.