DEL

Årets sildefiske er godt i gang og det blir meldt om svært godt fiske der silda no er tilgjengeleg. Men god tilgjengelegheit krev ekstra aktsemd frå fiskarane si side.


( 16.01.2012 )

[raw]

– Vi konstaterer at fiskarane er blitt mykje flinkare til å unngå store kast med fare for slipping og neddreping, seier regiondirektør Gunnar Trulssen i Fiskeridirektoratet region Troms, som har koordineringsansvaret for kontroll og tilsyn med sildefisket.

 
Større bevisstheit
På eit møte mellom Kystvakten og Fiskeridirektoratet torsdag 12. januar blei erfaringar frå sildefisket 2011 og reguleringsopplegget for 2012 gjennomgått. Også Kystvakten og Sjøtjeneste Nord, som er til stades på felta, sluttar seg til inntrykket om at det no er større aktsemd i sildefisket enn tidlegare.

 
-Sjølv om vi no får inn færre rapportar om slipping og dumping av fangster, er det likevel grunn til å advare mot dette. På skippermøta som vi arrangerer saman med næringa og Kystvakten har vi fokusert veldig tydeleg på aktsemd i fisket. Fiskarane er no meir bevisste på når og kor dei bør kasta etter silda, i forhold til store fiskekonsentrasjonar og vanskelege driftsforhold, seier Trulssen.

 
Krav til utrustning
I fjor var det fleire episodar der fartøy tok så store kast at dei mista deler av kastet ved at til dømes nota (flåen) gjekk under vatn då fangsten kom inn til skutesida.

 
Fiskeridirektoratet og Kystvakten vil difor i år ha fokus på at fartøya skal vere eigna og utrusta til å kunne drive eit ansvarleg fiske eter norsk vårgytande sild.

 
Bifangst
Fiskeridirektoratet vil også ha spesielt merksemd knytt til bifangst i sildefisket.

 
– Det er registrert bifangst av torsk og sei i ein del sildefangster som mellom anna har ført til stengning av fiskefelt. Kontrollmyndigheitene vil også ha fokus på desse forholda, og vil måtte vurdere stengning av ytterlegere felt om nødvendig. Vi vil difor oppmode flåten til å utøve fisket på ein slik måte at ein unngår bifangst, seier regiondirektøren.
 

[/raw]

INGEN KOMMENTARER

Comments are closed.