DEL

Fiskeri- og kystdepartementet har utarbeidd ein gjenoppbyggingsplan for kysttorsk nord for 62°N, og denne planen vil liggje til grunn for reguleringstiltaka. Målet er å sikre fullt reproduksjonspotensial for bestandane av kysttorsk.


( 18.03.2010 )

[raw]

Det internasjonale råd for havforsking (ICES) har sidan 2004 tilrådd null fangst av kysttorsk fram til at det er etablert ein slik gjenoppbyggingsplan. Forvaltningsprinsippet i havressurslova, føre-var-prinsippet og omsynet til biologisk mangfald tilseier samtidig ei kystnær regulering som sikrar berekraftig hausting. Som eit ledd i arbeidet for å sikre ei god forvaltning av torsken i kystnære område har Havforskingsinstituttet utvikla eit forslag til gjenoppbyggingsplan som no er godkjent av departementet og sendt til ICES for vurdering. Forslaget kan måtte endrast på bakgrunn av ICES vurdering. ICES er bedt om å basere rådgivinga for kysttorsk frå 2011 på den nye gjenoppbyggingsplanen.

 

Det er viktig for økosystema langs kysten å ha torskebestandar som gyt lokalt, og desse bestandane er grunnlaget for ein stor del av kystfisket. Fiskeri- og kystdepartementet har på bakgrunn av råd frå ICES og Havforskingsinstituttet innført ei rekkje vernetiltak sidan 2004 for å avgrense yrkesfisket og fritidsfisket av norsk kysttorsk. Hovudutfordringa er framleis å få til ei regulering som reduserer uttaket av kysttorsk, men som samtidig gjer det mogleg å halde oppe eit tradisjonelt fiske langs kysten.

 

Havforskingsinstituttet er i ferd med å leggje om innsatsen sin på kysttorsk, og etter kvart som kunnskapsgrunnlaget blir betre vil gjenoppbyggingsplanen og reguleringstiltaka bli reviderte.

 

Fiskeri- og kystdepartementet har vidareført vernetiltaka fra 2009 og vil fastsetje ytterlegare tiltak for 2010 ut frå ei totalvurdering sett opp mot gjenoppbyggingsplanen for kysttorsk. Departementet kan fastslå at det ikkje blir påskestopp i 2010.

[/raw]

INGEN KOMMENTARER

Comments are closed.