DEL

Representantar frå 13 land møtest denne veka i Bergen for å diskutere korleis verdas albatrossar og petrellar kan bergast. Kvart år druknar mange titusen slike fuglar etter å ha blitt fanga i fiskereiskapar, og fleire av fugleslaga er rekna som truga.


( 28.04.2009 )

[raw]

Vengespenn på mellom to og fire meter gir albatrossane verdsrekord i vengespenn. Dette er fuglar som lever heile livet ute på havet, med unntak av hekkeperioden då dei søkjer til land.

 

Noreg har slutta seg til den internasjonale avtalen for bevaring av albatrossar og petrellar ettersom fuglane lever også i våre områder. Mellom anna hekker det albatrossar på Bouvetøya i det sørlege Atlanterhavet.

 

Fanga i fiskereiskapar

Møtet i Bergen er eit formelt partsmøte for landa som har slutta seg til albatrossavtalen. Gjennom denne avtalen har landa forplikta seg til å gjere tiltak som skal redusere truslane mot fuglebestandane.

 

– Såkalla bifangst er ei hovudutfordring for fleire av desse fugleslaga. Fuglane druknar etter å ha blitt fanga i fiskereiskapar som liner eller garn. Møtet i Bergen vil sette fokus på kva ein kan gjere for å løyse denne utfordringa, seier seniorrådgjevar Øystein Størkersen i Direktoratet for naturforvalting (DN).

 

Det finst nokre tiltak som kan redusere omfanget av problemet, mellom anna bruk av såkalla ”kjalkeskremme”, det vil seie flagrande band som skremmer fuglane bort frå fiskereiskapane. I møtet skal ein diskutere korleis samarbeidet med internasjonale fiskeriorganisasjonar kan betrast så slike tiltak skal verte nytta i fiskeria.

 

Eit anna tema for møtet er korleis ein kan sikre hekkeplassane til desse artane best mogleg.

 

Truga arter
26 arter er omfatta av albatrossavtalen som trådde i kraft i 2001. Alle artane er førde opp i den internasjonale naturvernunionen (IUCN) si globale raudliste. Fleire er rekna som truga av utrydding.

 

– Situasjonen er kritisk for desse fuglane, og vi menneske er i stor grad skuld i problemet. Møtet i Bergen er viktig for å finne dei tiltaka som kan betre situasjonen for dei unike havfuglane, seier Størkersen.

 

Ti av dei fjorten artane av albatrossar i verda lever i Sørishavet, tre i nordlege delar av Stillehavet og ein ved Galapagosøyene. Petrellar er også omfatta av albatrossavtalen. Dette er ei gruppe stormfuglar.

[/raw]

INGEN KOMMENTARER

Comments are closed.