DEL

Restar av kvikksølv i krabbe har truleg samanheng med forureining frå havbotnen, konkluderer ny NIFES-rapport.


( 16.01.2012 )

[raw]

NIFES analyserer årleg fisk og krabbe frå området ved vraket av ubåten U-864 utanfor Fedje på oppdrag for Kystverket.  I overvakingsrapporten for 2011 går det fram at krabbe fanga ved vraket har klart høgare konsentrasjonar av kvikksølv enn krabbe fanga lenger borte frå vraket.

 
I hovudsak er det likevel snakk om låge konsentrasjonar. Ingen krabbeprøver viste i 2011 konsentrasjonar over EUs grenseverdi for humant konsum (gjeld berre klokjøt). Funna endrar dermed ikkje biletet av mattryggleiken. Mattilsynet anbefalar gravide og ammande å ikkje ete sjømat frå området rundt vraket.
 

Analysar frå 2005 til 2011 viser at innhaldet av kvikksølv i krabba fanga nær ubåtvraket er vesentleg høgare enn nivå målt i studiar frå andre stader langs kysten. Konsentrasjonane av kvikksølv i krabbeprøvene var litt lågare enn i åra 2004-2008, men høgare enn i 2009 og 2010. Dette har truleg samanheng med sesongvariasjonar.

 
– Resultata frå overvakinga i perioden 2005 til og med 2011 er samla sett ein sterk indikasjon på at høge nivå av kvikksølv i krabbe har samanheng med forureining i sediment kring vraket, seier forskar ved NIFES, Sylvia Frantzen.

 
Når det gjeld fisk (brosme), kan forskarane så langt ikkje slå fast nokon samanheng mellom kvikksølv i filet og forureining frå ubåtvraket.

 
– Etter fleire år med overvaking ser vi at konsentrasjonen av kvikksølv i brosme er lågare ved vraket enn både nord og sør for vraket, seier Frantzen.

 
Kvikksølvkonsentrasjonane i brosmefilet fanga nær vraket i 2011 er høgare enn i opne havområde i Norskehavet og Barentshavet, men skil seg ikkje vesentleg frå konsentrasjonane andre stader på Vestlandet.  Også i brosme fanga i nærleiken av U-864 er konsentrasjonane av kvikksølv for det meste under EUs øvre grenseverdi for humant konsum. I 2011 hadde to av 75 brosmer konsentrasjonar like over grenseverdien.

 
Den tyske ubåten U-864 kan ha hatt 60-70 tonn metallisk kvikksølv i lasta då den vart senka av ein britisk ubåt vest av Fedje i februar 1945. Vraket vart lokalisert i 2003. Prøver som vart tatt i sediment rundt vraket viste høge konsentrasjonar av kvikksølv.

[/raw]

INGEN KOMMENTARER

Comments are closed.