DEL

Neste års kvote på torsk i Nordsjøen og Skagerak blir på 5.250 tonn. Kvoten er i tråd med den vedtekne forvaltningsplanen.


( 17.12.2010 )

[raw]

Fiskeri- og kystdepartementet har fastsett forskrift om regulering av fisket etter torsk i Nordsjøen og Skagerrak i 2011. Den norske totalkvoten er på 5111 tonn torsk i Nordsjøen og 139 tonn i Skagerrak. Kvoten er i tråd med den vedtekne forvaltningsplanen.

 

Bestandssituasjonen er framleis vanskeleg for torsk i Nordsjøen og det er også i 2011 nødvendig å vidareføre ei streng regulering av dette fisket. Dette medfører at eit direkte fiske etter torsk berre er tillete for fartøy som fiskar med konvensjonelle reiskapar. Alt trålfiske vert framleis regulert med bifangstreglar. Bifangstavsetjinga til trålarane er fastsett til 1500 tonn.

 

Reguleringa medfører at fartøy som fiskar med konvensjonelle reiskapar kan drive eit direktefiske etter torsk innanfor ein gruppekvote på 2804 tonn i 2011.

 

Det er fastsett maksimalkvotar for torskefisket med konvensjonelle reiskapar i Nordsjøen i 2011. Fartøy som har løyve til å delta i lukka gruppe og som er under 15 meter kan  fiske inntil 50 tonn, fartøy mellom 15 og 21 meter kan fiske inntil 100 tonn og fartøy over 21 meter kan fiske inntil 200 tonn. Differensierte garanterte kvotar vert sett til høvesvis 5, 10 og 20 tonn.

 

I open gruppe fartøy under 10 meter fiske inntil 5 tonn, fartøy mellom 10 og 21 meter kan fiske inntil 10 tonn og fartøy over 21 meter kan fiske inntil 15 tonn. Garanterte kvotar vert sett til 4 tonn for alle gruppene.

[/raw]

INGEN KOMMENTARER

Comments are closed.