DEL

– Raudåta er den viktigaste maten for fisken i våre havområde. Varmare hav har ført til at det er meir raudåte i nordlege farvatn, medan det er mindre i Nordsjøen. Dette er hovudgrunnen til at nordsjøsilda har hatt dårleg rekruttering dei siste åra, sa forskingsdirektør Reidar Toresen i sitt foredrag på North Atlantic Seafood på Lillestrøm i dag.


( 05.03.2009 )

[raw]

Konferansen, som arranggøren hevdar er størst i værda innan sjømat, vert halde på Norges Varemesse i Lillestrøm i dag og i morgon. Nærare 500 deltagkarar frå 25 land er påmelde, mellom desse sju fiskeriministrar, har meldt sin ankomst.

 

SildefangstToresen fra Havforskningsinstituttet peika i sitt foredrag på at varme periodar er gunstige for dei store bestandane av norsk vårgytande sild og nordaustarktisk torsk, medan fisken i Nordsjøen og lodda har det best i kalde periodar.

 

Lite sild gir mye lodde

– For lodda sin del handlar det om at det er lite sild i Barentshavet i kalde periodar. Smålodda er mat for småsilda, difor vert det lite lodde når det er mykje sild i Barentshavet, sa han.

 

Situasjonen for dei fleste store pelagiske artane er god, men kolmulebestanden er i same dårlege forfatning som nordsjøsilda, kunne Toresen fortelle.

[/raw]

INGEN KOMMENTARER

Comments are closed.