DEL

– Arbeidet med forvaltningsplanen for Barentshavet og Norskehavet har gitt miljørørsla større innflytelse i saker som gjeld oljeutvinning, seier regiondirektør Alf Håkon Hoel ved Havforskingsinstituttet.


( 24.02.2011 )

[raw]

I ein artikkel i det vitskapelege tidsskriftet “Arctic Review on Law and Poltics” skriv Hoel at det er mogleg å overføre den norske modellen til andre land, men med lokale tilpassingar.

 

– Arbeidet med forvaltningsplanen har skapt nye arenaer for politisk innverknad. Dette har mellom anna gitt miljørørsla fleire stader kor dei kan påverke arbeidet med å opne nye område for olje- og gassutvinning. Det er nytt i forhold til tidlegare i samband med opning av nye oljefelt, seier Hoel.

 

Konsekvensanalyse viktig opning
Hoel seier også at ei konsekvensanalyse etter petroleumsloven er ei viktig opning for at kommunane kan få ein formell plass i avgjerdsprosessen når det skal avgjerast om nye oljefelt skal takast i bruk eller ikkje.

 

– Kommunane er høyringsinstans når ei konsekvensutgreiing skal losast gjennom det politiske systemet. Det er heimla i paragraf 3 – 1 i Petroleumsloven. Dei har ikkje same formelle posisjonen i arbeidet med forvaltningsplanen, sjølv om dei også der kan fremje synet sitt. Dessutan går ei konsekvensanalyse ganske detaljert til verks, medan forvaltningsplanen er eit overordna dokument og meir å rekne som eit politisk verktøy for regjeringa. Difor meiner mange ordførarar at det er viktig for lokaldemokratiet å laga ei konsekvensutgreiing, seier Hoel.

 

Uvissa vanskeleg å formidle
Hoel seier forskarane som arbeider med forvaltningsplanen har skaffa fram eit svært omfattande materiale og fått eit godt fagleg grunnlag som dei kan gje tilrådingane sine ut frå. Samstundes er det mykje som er uvisst. Det gjer at kunnskapen forskarane har skaffa til vege, ikkje teiknar eit svart/kvitt-bilete av korleis styresmaktene bør handle.

 

– Det er mange utanom forskingsmiljøa som har sterke meiningar i til dømes oljedebatten, og då er det både vanskeleg og viktig å formidle at forskarane ikkje har svar på alle spørsmåla som stillast, seier Hoel.

 

Kan overførast – med tilpassingar
I ein artikkel i det vitskapelege tidsskriftet “Arctic Review on Law and Poltics” skriv Hoel at det er mogleg å overføre den norske modellen til andre land, men med lokale tilpassingar.

 

– Gjennom arbeidet med forvaltningsplanen har Noreg gjort eit godt stykke arbeid med å kartlegge heile økosystem og skaffe seg kunnskap om korleis ulike brukargrupper påverkar kvarandre. Dette er kunnskap som let seg oveføre til andre land som grenser opp til Arktis. Samstundes minner eg  om at dei andre arktiske landa har andre former for politisk og forvaltningsmessig organisering enn Noreg. Difor må framgangsmåten tilpassast dei ulike landa når dei eventuelt skal skaffe seg oversikt over økosystema i havet og moglege interessekonflikter, seier Hoel.

[/raw]

INGEN KOMMENTARER

Comments are closed.