DEL

To norske og eitt russisk fartøy har i løpet av februar undersøkt årets loddeinnsig. Mengda modnande lodde er berekna til 470 tusen tonn, som er i samsvar med prognosen frå økosystemtoktet i september 2007. Dette er eit førebels tal, og det gjenstår mellom anna berekning av uvisse. Det melder Havforskningsinstituttet.


( 10.03.2008 )

[raw]

På toktet er det gjort målingar av akustisk målstyrke og vandringsfart. Slike målingar er naudsynte for ei mogleg framtidig bruk av vintertokt i forvaltinga av loddebestanden. Det vestlege innsiget er uvanleg tidleg.

 

Det vart også gjort registreringar av modnande lodde i den austlege delen av Barentshavet. Eit seinare austleg innsig kan derfor ikkje utelukkast. Det vart også regisrert ungsild i undersøkingsområdet, melder Havforskningsinstituttet.

[/raw]

INGEN KOMMENTARER

Comments are closed.