DEL

– Fiskemengda i Nordsjøen har minka jamt og trutt dei siste femti åra. Samstundes har dei lokale fiskebestandane flytta seg nord og austover. Det har også komme inn nye artar, seier havforskar Svein Sundby. Alt dette har ført til at ein aukande del av dei kommersielle fiskeslaga no held til i den norske delen av Nordsjøen.


( 11.05.2017 )

– Arbeidet med rapporten har gitt oss mange fleire detaljer om gytefelta. Samstundes har arbeidet gitt oss betre oversikt over utbreiinga til dei ulike fiskeartane og endringane over tid i Nordsjøen. Mønsteret er klart – dei siste 40 – 50 åra har artane flytta seg nordaustover, noko som fører til at ein større del av dei kommersielle artane har flytta inn i den norske delen av Nordsjøen. I tillegg har nye artar etablert seg i dette området, seier Sundby.

 

I alt er det rundt 140 fiskeartar i Nordsjøen, men nærare 80 % av dei kommersielle fangstane er frå ti av dei (tobis, sild, brisling, makrell, torsk, hyse, sei, kviting, augepål og raudspette). Dei siste 20 % av fangstane er fordelt på eit stort spekter av ulike fiskeartar.

To inngangar

Blant nykommarane finn ein kommersielle artar som lysing, sardinar og ansjos. Dei har komme inn i Nordsjøen via to inngangar. I sør har sardinar og ansjos flytta seg inn i Nordsjøen via Den engelske kanalen. Frå områda vest av Irland har både sardinar og lysing funne vegen nord for Dei britiske øyane og inn i Nordsjøen.

– Lysingen er i ferd med å bli den nye torsken i Nordsjøen, og bestanden er i rask vekst, seier Sundby.

 

Lysing_etc.jpg

Lysingen har komme inn i Nordsjøen nord for Dei britiske øyane, medan sardinar og ansjos har komme inn frå sør.

Mot nordaust

Også fiskeslaga som tradisjonelt har vore fiska i Nordsjøen er i ferd med å flytte på seg.

– Vi ser at torskefiskar (gadoidar) som torsk, hyse, sei, kviting og augepål har endra utbreiing og at det har blitt mindre av desse fiskeslaga i britisk sektor og meir i den norske økonomiske sonen, seier Sundby.

Kino-prosjektet, som blei avslutta i vår,  sikta mot å auke kunnskapen om gyteområda i Nordsjøen, gyteåtferda til dei ulike fiskeartane og når på året gytinga skjer. Prosjektet starta i 2014 og blei betalt av Statoil.

Gadoider.jpg

Torskefiskane (gadoidane) i Nordsjøen flytta seg mot nordaust. Difor har ein større del av torske-, sei-, kvting- og augepålbestandane flytta seg over i norsk sone.

INGEN KOMMENTARER

Comments are closed.