Den sterke 2016-årsklassen syter for eit godt tobisfiskeri i 2018 med ein førebels kvote på 70 000 tonn. På sikt ser det ikkje like lyst ut – rekrutteringa til bestanden er dårleg.


( 08.02.2018 )

Det førebels rådet frå Havforskingsinstituttet (HI) vert oppdatert 15. mai etter at det er gjennomført eit akustisk tokt i Nordsjøen.

Høg biomasse, dårleg rekruttering

Forskar Espen Johnsen har både godt og dårleg nytt om tobisen.

– Vi har ikkje målt så mykje tobis sidan 2009, og tettleiken er høg i mange område. Det er spesielt toåringane som bidreg til bestanden, men det er også relativt mykje fireåringar, seier Espen Johnsen. Han er ikkje like nøgd med rekrutteringa.

– Skrapetoktet indikerer veldig få eittåringar – altså individ frå 2017-årsklassen.

Får nye tal i mai

I fjor enda tobiskvoten på totalt 120 000 tonn då rådet vart oppdatert. I haustingsregelen for bestanden heiter det at det oppdaterte rådet ikkje kan gå ned – men bli det same eller høgare enn førebels råd.

– Etter det akustiske toktet i månadsskiftet april/mai veit vi meir om årets rekruttar, og kan ta dei oppdaterte tala inn i rådgivinga. Til dess er det viktig å vera klar over at prediksjonen av bestandsstorleiken for 2018 er usikker. Det talar for å vera føre-var i tilfelle prediksjonen skulle visa seg å vera for optimistisk, seier Espen Johnsen.