DEL

Leiaren i Nord-Norges Rederiforening, Geir Lundberg, tok i sin tale til årsmøtet til orde for at makrellfisket bør kome i gang tidlegare på hausten. Lundberg sa det er viktig at mest mogeleg av makrellkvoten blir tatt i norsk økonomisk sone for å unngå at små teikn til endringar i vandringsmønster blir brukt i forhandlingar om sonetilhøyrigheit, skriv nettstaden til Fiskebåtredernes Forbund.


( 22.11.2008 )

[raw]

I fylgje den same nettstaden tek Lundberg også opp finanskrisa og den økonomiske nedgangen internasjonalt. -ime må vel kunne seie at krisa så langt ikkje har vore så negativ som kanskje frykta for fiskerinæringa. Eksporten går så det susar og etterspurnaden er stor, sjølv om ein del av produkta i kvitfisksektoren slit, sa Lundberg mellom anna.

 

Lundberg sa også at dei raske svingingane i verdsøkonomien dokumenterer behovet for å kunne sette av overskott til fond som ikkje blir skattlagde.

 

Lundberg roste fiskeri- og kystministeren for ei bestemt haldning i dei internasjonale forhandlingane, spesielt i makrell-forhandlingane. Han sa at dette no endeleg har gitt ei meir rettferdig fordeling av makrellkvotane. Statsråden fekk også ros for å understreke meir enn nokon annan tidlegare fiskeriminister at kvotefordelinga mellom gruppene skal ligge fast.Lundberg skulda sterke krefter i kystnotgruppa for å vere grådige og for å ville rane til seg andelar frå andre flåtegrupper.- Mange i kystnotgruppa har no mannskapslottar som eit fåtal, kanskje ingen i havfiskeflåten kan vise til. Det er svært beklageleg den måten desse turar fram på både i media og mot styresmaktene for å få overta andre sine andelar, sa Lundberg.
Leiaren i Nord-Norges Rederiforening var totalt sett rimeleg tilfreds med situasjonen for havfiskeflåten.

 

-Vi har ei forholdsvis grei NOx-ordning, oljeprisane er blitt mykje lågare og det er mange der ute som vil ha produkta våre, sa Lundberg mellom anna i talen ved opninga av årsmøtet i Nord-Norges Rederiforening  torsdag.

[/raw]

INGEN KOMMENTARER

Comments are closed.