DEL

– Fiskeri- og kystdepartementet har vurdert nye søknader om tilskot til prosjekt som tek vare på kulturverdiane i kystsona, og har funne to nye tiltak som skal få støtte i 2009, seier statssekretær Vidar Ulriksen i Fiskeri- og kystdepartementet. Han peikar på at kulturen er viktig i det aktive og levande miljøet langs kysten.


( 14.09.2009 )

[raw]

Berlevåg Havnemuseum har med prosjektet ”Molobygging i Berlevåg kommune” laga ei kulturminneløype som markerer den omfattande molobygginga frå 1913 til 1974. Kulturløypa har i alt 21 postar, som omfattar så vel moloar som jernbanebru, jernbanespor, eit gammalt bustadområde, steinbrot og støyperi, fiskebruk og kai for hurtigruta – element som alle har vore viktige i utviklinga av Berlevåg. Fiskeri- og kystdepartementet har gitt 120 000 kroner som hamnemuseet skal nytte til varig merking av kulturminneløypa, med skilt med tekst og gamle foto.

 

Inger Pedersen Toppen har starta arbeidet med å dokumentere fiskeméda i Breimsteinområdet, lengst ute i Vegaskjergarden. I tidlegare tider hadde dei fleste fiskarane ei bok der dei skreiv ned fiskeméda dei kjende, forklart som stadfesting av fiskeplassar ved krysspeiling utan kart og kompass. No skal Pedersen Toppen utvide prosjektet sitt til heile Vegaøyan verdsarvområde, og til dette har ho søkt og fått støtte frå departementet på 10 000 kroner for 2009.

[/raw]

INGEN KOMMENTARER

Comments are closed.