DEL

– Kystverket har i dag fått til disposisjon 110 millionar kroner for å handtere  oljevernaksjonen etter ”Godafoss”-havariet.


( 25.02.2011 )

[raw]

Kystverket har dermed fått nødvendige midlar til å dekkje aksjonskostnadene fram til det er mogleg å få full oversikt over omfanget av aksjonen, seier fiskeri- og kystminister Berg-Hansen.

 

Det vart i statsråd i dag gjeve fullmakt til at Kystverket kan overskride 2011-budsjettet med 110 millionar kroner for å dekkje nødvendige kostnader til  oljevernaksjonen fram til at det er mogleg å få full oversikt over omfanget. Når Kystverket har grunnlag for å utarbeide eit endeleg overslag over kostnadene med aksjonen vil det bli vurdert om det er behov for å stille ytterlegare midlar til disposisjon. Det vil samtidig bli fremma forslag til Stortinget om tilleggsløyving.

 

Etter forureiningslova er det forureinaren som er ansvarleg for kostnadene knytt til avgrensing av og oppreinsking etter oljesøl. Det vil derfor bli kravd refusjon for staten sine kostnader ved oljevernaksjonen.

[/raw]

INGEN KOMMENTARER

Comments are closed.