DEL

FHL er svært fornøgd med at norske styresmakter har forhandla fram nye tollfrie kvoter for tilverka sild og reker frå Noreg. Dette er sjeldan kost og vert svært godt motteke i næringa, seier Kristin Alnes i FHL.


( 19.12.2009 )

[raw]

EFTA og Noreg har sidan hausten 2008 forhandla om vidareføring av EØS-kontingenten. Noverande finansieringsordning gjaldt for ein femårsperiode fram til 30. april 2009 og forhandlingane er difor førte  langt på overtid.

 

Parallelt med forhandlingane om kontingent har det også vore forhandla om vidareføring av kompenasjonskvoter for sild, makrell og reker, som også var tidsavgrensa fram til same dato.

 

Desse kvotene som skriv seg frå utvidinga av EU i 2004 og 2007 er etter dagens avtale med EU vidareført for ein ny periode for fem år  (2009-2014). I tillegg er det opna ein ny kvote for tilverka sildeprodukt og ein auke i eksisterande kvote for pilla reker.

 

EU vil i 2010 opne ein ny tollfri kvote for tilverka sildeprodukt (til dømes  kryddersalta, eddikbehandla og anna marinert sild i lake) på 3 000 tonn. Dersom denne kvoten vert tilstrekkeleg utnytta vil kvoten auke til 6000 tonn i ein treårsperiode. Total vil norske eksportørar då ha ein kvote på 9000 tonn tilgjengelig.

 

EU har svært høge tollmurer på tilverka produkt av sild, og det har hindra utvikling av næringa på dette området i Noreg. Desse kvotane vil vere til stor verdi for bedriftene, og vil garantert verte fullt utnytta frå dag ein, seier Kristin Alnes. Kvotane vil verte nytta på sild som alternativt vil gå i utilverka  frosen tilstand til EU-marknaden. 

 

I tillegg er det semje om å auke den tollfrie kvoten på frosne pilla reker med 2 500 tonn, noko som gir ein totalkvote på 12 500. Det er svært viktig for den norske rekenæringa, som over lang tid har levd med at viktige konkurrentar, Island har full tollfri tilgang til EU-marknaden.

[/raw]

INGEN KOMMENTARER

Comments are closed.