Barents Solutions AS har etablert seg på Fiskåholmen i dei tidlegare lokala til Ulstein Verft. Selskapet skal bygge båter i storleiken 8-24 meter samt vere underleverandør til industrien i området.


( 22.01.2018 )

Ombygging og serviceoppdrag vil også verte utført. Selskapet dekkjer alle disiplinar og har i tillegg ingeniørressursar. Båtane vert bygde anten i stål eller aluminium. Den første kontrakta er sikra og der er fleire som er interessert i å bygge.

God interesse

Vi har arbeidd ei periode med å etablere oss i dette markedet. Vi er positivt overraska over responsen vi har fått. Vi har mange som vil byggje båt så vi trur at det kan verte stor aktivitet etterkvart. Kapasiteten til anlegget tilseier at vi utan vanskar kan byggje 5-7 båtar i denne storleiken per år. Der er over 3000 kvadratmeter med hallar og stor krankapasitet, seier Harald Bigset dagleg leiar i selskapet.

Kontrakt med mykje lokalt innhald

– Det er eit stort innhald av lokale leveranser for det første nybygget. Ja, faktisk skal nærast alt leverast frå lokale bedrifter, seier Bigset. Dette synes vi er ekstra kjekt. Vi ynskjer mest mogleg verdiskaping lokalt.