DEL

På eit ekstraordinært møte i NEAFC (Kommisjonen for fiske i det nordaustlege Atlanterhavet) har medlemslanda nå blitt enige om reglar som skal beskytte sårbare havområder mot fiskeriaktivitet som kan skade slike område.


( 03.07.2008 )

[raw]

– Dette er eit gjennombrot for ansvarleg og berekraftig forvaltning i internasjonalt farvatn. Dette viser at regionale fiskeriforvaltningsorganisasjonar som NEAFC har ei viktig rolle i å utvikle reglar som sikrar både ansvarleg fiskeriaktivitet og vern av sårbare område, seier fiskeri- og kystminister Helga Pedersen.

 

FNs fiskeriresolusjon frå 2006 oppmodar statar om å beskytte sårbare marine økosystem i samsvar med prinsippa om føre-var og økosystemforvaltning. Vedtaket i NEAFC etablerer eit forvaltningsregime som varetar dette.
Vedtaket i NEAFC byggjer på dei same prinsippa som ligg til grunn for forvaltningsprinsippet i havressurslova. Noreg har stått sentralt i arbeidet med NEAFC-vedtaket. Vedtaket inneber at det vert etablert system for botnfiske innanfor NEAFC,  som regulerer aktivitet både i område der det har vorte drive slik fiskeaktivitet og i område der det tidlegare ikkje har vore drive slik aktivitet.

 

Sekretariatet i NEAFC vil, på basis av informasjon frå sporing av fiskefartøy i reguleringsområdet og annan relevant informasjon frå medlemmene, utarbeide eit kart over område som er definerte som urørde fiskeriområde. Fartøy frå medlemslanda vil kunne drive eit forsøksfiske i området i samsvar med reglar om planlegging, gjennomføring og rapportering av fisket. Medlemmene kan foreslå å opne slike område etter å ha gjennomført forsøksfiske. NEAFC vil behandle slike forslag og bl.a. søkje råd hos Det internasjonale råd for havforsking (ICES).

 

Reglane fastset også at NEAFC skal gjennomføre ei vurdering av botnfiskeri og påverknaden dei har på sårbare marine økosystem i reguleringsområdet. ICES vil, som hovudleverandør av vitskapleg rådgiving, spele ei viktig rolle i denne vurderinga.

 

Fiskarar som kjem bort i moglege sårbare marine økosystem i reguleringsområdet, skal stoppe fisket straks og rapportere funna sine til NEAFC. I løpet av året vil NEAFC utvikle ei vegleiing om korleis fiskarar som kjem bort i sårbare marine økosystem skal opptre.

[/raw]

INGEN KOMMENTARER

Comments are closed.