Regjeringa har lagt fram eit lovforslag som skal sørgje for at sentrale tiltak i kvotemeldinga får nye lovheimlar som er oppdaterte og moderne.

– Dette lovforslaget er det første viktige steget på vegen mot implementering av dei av tiltaka i kvotemeldinga som Stortinget har slutta seg til. Ei rask implementering er ønskeleg fordi næringa har behov for avklaring av framtidige rammevilkår, seier fiskeriog sjømatminister Odd Emil Ingebrigtsen.

Lovforslaget inneber mellom anna innføring av nye lovheimlar for sentrale tiltak i kvotemeldinga, som til dømes nytt felles fiskeriløyve til erstatning for nogjeldande konsesjonar og deltakarrettar, faste kvotefaktorar og den nye kvoteutvekslingsordninga.

Formålet med lovendringane er å leggje til rette for at fiskeriforvaltninga kan følgje opp dei av tiltaka i Meld. St 32 (2018-2019) Et kvotesystem for økt verdiskaping (kvotemeldinga) som Stortinget no har slutta seg til.

Tiltaka i kvotemeldinga krev også forskriftsendringar, og departementet vil om litt kome tilbake med eit høyringsnotat med forslag til nødvendige forskriftsendringar.