DEL

Brunvoll har signert kontrakt med MAN Diesel & Turbo SE for levering av framdriftssystem til ein pelagisk trålar, designa av Karstensens Skibsværft A/S for rederiet Odd Lundberg AS frå Gratangen. Utstyret frå Brunvoll skal leverast i 3. og 4. kvartal 2018.


( 27.09.2017 )

Leveransen frå Brunvoll består av gir- og cp-propellanlegg med dyse og fjernstyring. Framdriftsanlegget er eit 2-speed hybrid system drive av ein MAN 6L32 dieselmotor i kombinasjon med elektromotor. Anlegget er optimalisert for fleire driftskondisjonar der ein i tillegg til «boost-mode» kan køyre med 2 ulike propellturtall. Det er vidare lagt stor vekt på drivstofføkonomi og miljøhensyn med bl.a. eit hylse-system med løysing for 0-utslepp til sjø, og motorar med flytande frekvens for drivstoffoptimalisering.

Kontraktspartnar er Brunvoll Volda AS. «Vi er stolte over å bli valgt til leverandør til «Odd Lundberg», seier Hallvard Pettersen, dagleg leiar i Brunvoll Volda AS. «Kundetilpassa gir og propellanlegg er vår spesialitet», fortset Pettersen, «og det har vore tett samarbeid om å finne gode tekniske løysingar for dette fartøyet». Pettersen framhevar vidare at Brunvoll merkar positivitet i marknaden med auke i antal forespørslar frå ulike segment og geografiske områder.

INGEN KOMMENTARER

Comments are closed.