DEL

Brunvoll har sikra seg nye kontrakter til fiskefartøy og brønnbåt.


( 16.10.2017 )

Selskapet har signert kontrakter på framdrift-, manøvrering- og kontrollsystem med MAN D&T SE, Tyskland og Karstensens Skibsværtf A/S, Danmark til pelagisk tråler for selskapet Charisma Fishing Co. Ltd, Shetland, og med Aas Mek. Verksted AS til ein brønnbåt for Sølvtrans AS. Leveransane frå Brunvoll finn stad i løpet 2018.

Leveransane frå Brunvoll er alle tilpassa det enkelte skipet sin aktuelle driftsprofil. Fellesnemnaren er optimaliserte og effektive system for sikkerheit, driftsøkonomi og miljøhensyn. Systemleveransen frå Brunvoll består av framdriftsanlegg med gir, propell, dyse, og komplett thrustersystem med elektriske drivemotorar og startarar. Systemleveransen inkluderer også kontrollsystem for framdrift og manøvrering.

Framdriftssystemet til den nye pelagiske trålaren til Charisma Fishing er eit 2-speed gir og cp- propellanlegg med dyse drive av ein MAN-motor på 7200 kW. Kombinasjonen av å køyre 2 ulike propellturtall og flytande frekvens muliggjer drivstoffoptimalisering og svært god driftsøkonomi.

Thrusterpakken inkluderer ein tunnel thruster i akterskipet og ein kombinert retractable azimuth/tunnel thruster i forskipet. Thrusteren i forskipet fungerer som tunnel thruster i inntrekt posisjon, og som azimuth thruster i nedsenka posisjon. Azimuth thrusteren vert typisk brukt under fiskeleiting og som nøddrift eller effektiv manøvrering av skipet ved inntak av fangsten. Skipet er både designa av og skal byggast ved Karstensens Skibsværft A/S i Danmark.

Ny brønnbåt

Brunvoll leverer framdrifts-, thruster- og kontrollsystem til Aas Mek. Verksted AS til brønnbåt for Sølvtrans AS. Illustrasjon: Aas Mek. Verksted AS.

Brunvoll leverer framdrifts-, thruster- og kontrollsystem til Aas Mek. Verksted AS til brønnbåt for Sølvtrans AS. Illustrasjon: Aas Mek. Verksted AS.

Leveransen til Aas Mek. Verksted er til ny brønnbåt for rederiet Sølvtrans AS og består av eit diesel- mekanisk gir og propellanlegg med dyse kopla til ein Yanmar motor på 1920 kW. Thrusterpakken består av to tunnel thrustarar for akter- og forskip. Kontrakta omfattar også opsjon på leveranse til ytterlegare eit skip. Designet er verftet sitt eige konsept av typen Aas 2502 ST.

Både Odd Tore Finnøy, CEO i Brunvoll og Hallvard Pettersen, CEO i Brunvoll Volda er svært fornøgde med at Brunvoll hevdar seg godt i kampen om kontraktene til fiskerisegmentet. Brunvoll-selskapa har gode og lange tradisjonar som leverandørar til brønnbåtar og fiskebåtar, og både rederi, verft og designselskapa som er involverte i dei nye kontraktene er godt kjende med Brunvollselskapa og produkta frå tidlegare leveransar.

INGEN KOMMENTARER

Comments are closed.