DEL

Fiskeridirektoratet gjennomfører denne våren og sommaren ein informasjonskampanje for å bevisstgjere yrkesfiskarane om regelverket for breiflabbfisket.


( 19.06.2008 )

[raw]

Breiflabbfisket har gått føre seg i fire veker på kysten frå Sogn og Fjordane til Trøndelag. Under breiflabbfisket er fiskarane mellom anna pålagde å melde frå om setting, haling, tap og funn av garn via Kystvaktsentralen på telefon 07611. Det melder Fiskeridirektoratet.

 

Kystvaktsentralen kan melde om ein radikal auke i talet på meldingar frå fiskarar om bruk av garn. Samanlikna med same tid i fjor, då om lag 300 meldingar var motteke, har Kystvaktsentralen så langt i sesongen motteke 600-700 meldingar. Kystvakta får likevel inn tips om at det framleis er ein del fiskarar som ikkje melder inn bruket sitt.

 

– Havforskarane har mest lyst til å frede bestanden, medan næringa ynskjer å oppretthalde det tradisjonelle fisket etter breiflabb. Fiskarane er sjølve pålagde å gjere seg kjende med gjeldande regelverk. Ei bevisstgjering hos fiskarane kan gjere at vi kan unngå å måtte stramme inn fisket, seier Ola I. Mork i Fiskeridirektoratet si Sjøteneste Sør.

 

Fiskeridirektoratet har distribuert plakatar og løpesetlar til fleire av mottaksanlegga på Mørekysten. Målet er å sende og dele ut informasjonsmateriale til alle mottaksanlegg frå Sogn til Trøndelag.

 

– Vi har så langt berre fått gode tilbakemeldingar frå publikum. Spesielt folka på mottaksanlegga håpar at informasjonskampanjen kan gjere fiskarane flinkare til å røkte garna sine. Dersom fiskarane røktar fiskarane garna sine minst annen kvar dag, kan dette også gi betre kvalitet og pris på fisken dei leverer, seier Mork.

 

I kombinasjon med ein slik informasjonskampanje vil Fiskeridirektoratet ha fokus på breiflabbfisket i sitt kontrollarbeid.

[/raw]

INGEN KOMMENTARER

Comments are closed.